Regjeringa vil stoppa ulovleg pilleimport via nettet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil stoppe pilleimport

Tollvesenet har ingen offisielle tal når det gjeld privatimport av legemiddel, men basert på utrekningar frå uoffisielle målingar i 2009, kjem talet på ulovlege importerte piller opp i rundt 10 millionar kvart år, skriv Aftenposten.

Ein tredel av posten er legemiddel
Overslag frå Tolldirektoratet tyder på at rundt ein tredel av dei rundt 120.000 daglege sendingane som kjem til Noreg via Posten, inneheld legemiddel.

Legemiddel som blir selde over nettet kan i tillegg til å vera forfalskingar også vera direkte farlege.

– Om lag halvparten av legemidla som blir selde på denne måten, er forfalskingar. Bak dette kan det stå organiserte kriminelle nettverk, og den verksemda vil eg setja ein stoppar for, seier helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen (Ap).

Ulovleg å importere også frå EØS-land
I desse dagar sender ho difor ut eit lovforslag på høring. Forslaget krev mellom anna at seljar skal dokumentera retten til å selja legemiddel over nettet.

Det blir ulovleg å tinga reseptpliktige legemiddel på nettet frå EØS-land, og ved ulovleg import kjem legemidla til å bli beslaglagde og øydelagde. Det er allereie ulovleg å tinga slike legemiddel frå land utanfor EØS.

Regelverket i dag gjev berre høve til å senda pakkane i retur til avsendar utan ytterlegare konsekvensar.