Halvparten av kvinnene som blei brende i Vardø på 1600-talet kan ha vore forgifta av soppen meldrøye som har same effekt som LSD.
 

NPK
NPK

– Soppen inneheld stoff som kan brukast i medisin, men er i seg sjølv giftig, seier soppforskar Geir Mathiassen ved Universitetet i Tromsø til NRK.

Den vesle soppen meldrøye veks på kornaks. For fleire hundre år sidan blei arten molen til mjøl saman med kornet for å dryge det, og det er frå dette soppen har henta namnet sitt, opplyser Mathiassen.

Soppforskaren meiner no at ein stor del meldrøye i mjølet kan vere ei av forklaringane på kvifor hekseprosessane i Finnmark var så omfattande. 91 kvinner og menn blei brende i området på 1600-talet etter å ha vore mistenkte for hekseri.

Mathiassen støttar seg til arbeidet til Torbjørn Alm ved Tromsø Museum, som har gått gjennom detaljerte tingbøker frå tida då hekseprosessane gjekk føre seg. Alm har konkludert med at skildringane der likna veldig på LSD-rus, og at minst 40 av heksetilfella han har gjennomgått kan ha symptom på meldrøyeforgiftning. (©NPK)

LES OGSÅ: Dei gjev aldri opp

LES OGSÅ: EG

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.38

LES OGSÅ

ANNONSE