Håpar lavvo-livet snart vil ta slutt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Semesterstart er utfordrande for mange studentar, særleg på stader det er hybelmangel. I år blir det rapportert om ein lettare situasjon i Sogndal, men lavvo-leiren det vart annonsert med før starten er blitt brukt.

– Me har vore opp til ti stykke her. No er me fire-fem, for nokre flyttar inn i hyblar eller leilegheiter denne helga, seier Dag Nesheim.

Han er ny student i Sogndal i år og fredag hadde han enno ikkje funne hybel. Løysinga er lavvo, saman med ein annan student han ikkje kjende frå før. Dei som bur i lavvo-leiren i enden av Kvåle nærmiljøanlegg får nytta dusjar og garderobe i stadionbygget.

– Det har gått heilt greitt og det har ikkje vore noko problem enno, seier Nesheim.

LES OGSÅ: Hutrar for ny huspolitikk

Lettare
Frå studentsamskipnaden (SISOF) blir det rapportert om ein langt lettare hybelsituasjon i år.

– Dette ser veldig bra ut, seier SISOF-direktør Randi Marie Sjøholt.

– Det er nokre som ikkje har fått. Nokre har også hyblar på hand, men som ligg utanfor Sogndal.

Ifølgje Sjøholt var det før helga ti studentar som mangla hybel. Ho trur ikkje det er færre studentar som gjer at marknaden opplevast som lettare.

– Me har bygd 50 nye hyblar, og det er bygd ein god del nye hyblar av private, seier Sjøholt.

LES OGSÅ: – Bustad bør vera ein rett

Frykta verre
Magnus Aasheim, leiar i studentparlamentet, har også inntrykk at det er mykje betre i år enn i fjor.

– Eg har ikkje fått så mange tilbakemeldingar, og det er indikerer at det er rimeleg greitt. Eg har sjølvsagt høyrt om nokre som manglar, men eg frykta før studiestart at det kunne bli endå verre, verre enn i fjor, seier Aasheim.

Han trur og at utbyggingane har letta på trykket.

– Dette viser at det er viktig å byggja noko bustader, seier Aasheim.

LES SAKA I SOGN AVIS!

LES OGSÅ: Når gode råd blir billege