Bestefaren til venstresida

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg er ein av dei som ikkje er overtydd om at kultur alltid har stått på eigenhand. At det på ingen måte er knytta til verda, anten det er litteratur, musikk eller film. At kultur er veldig spesielt og nesten guddommeleg – det er berre tull. Dårleg eller bra: kultur er produsert under dei tilhøva dei eksisterer i.

Dei seier at Tariq Ali har eit av dei skarpaste hovuda i vår tid. En mann som alltid har minna oss på den historiske samanhengen og kva for nye utfordringar vi kan vente oss i framtida. Den gråhåra mannen var ein av fleire politiske kunstnarar som heldt foredrag under Melafestivalen denne helga, ein urban festival for utøvande kunst og kulturuttrykk frå heile verda. Det er lett å sjå at han er sett på som ein slags «Gandalf» i vår tid.

– Dei vart veldig sinte
– Den første aksjonen eg var med på å organisere var då eg var fjorten-femten år, mimrar han.

Då hadde Ali lese i avisa om afroamerikanaren Jimmy Wilson som risikerte dødsstraff for å ha stole ein dollar og nittifem cent.

– Vi var ein gjeng på ti-femten studentar som marsjerte til det amerikanske konsulatet. Dei vart veldig sinte. Latteren sitt laust nå, men då var det alvor.

Sjølv om responsen frå folk på gata i den pakistanske byen Lahore var positiv, vart ikkje aksjonen nett omfavna av amerikanarane ved konsulatet. Jimmy Wilson vart avretta. Det stoppa ikkje Tariq Ali frå å halde fram si lange karriere som aktivist, og han var ikkje beskjeden når det kom til å arrangere aksjonar mot det pakistanske militærregimet medan han studerte ved Universitetet i Punjab.

– Vi var militante
Omsider kom det til eit punkt då det vart for risikabelt for Ali å bu i heimlandet.

– Eg flytta til Oxford i England då eg var tjue, fortel han.

Her byrja Ali på den andre graden sin og heldt fram med aktivistverksemda si ut på 60- og 70-talet.

– Men vi kalla det ikkje aktivisme på den tida. Vi var militante, vi var kommunistar, marxistar, maoistar, trotskistar. Vi kalla det brorskap, fortel han.

Tariq Ali vart òg president for The Oxford Union, Storbritannias nest eldste universitetsforeining, verdskjend for si stødige grunntrening av fleire framtidige politikarar frå Storbritannia og andre land. Det var slik han fekk møte Malcolm X. Men omgangskretsen til Ali har òg inkludert Yoko Ono, John Lennon og dessutan Julian Assange, som han er kompis med den dag i dag.

– Dette er sivilisasjon
Ali synest Melafestivalen er eit av dei beste svara ein kan gje den vanvittige verda av tempelryttarar og kvit overlegenheit.

– Dette er den beste responsen å gje: å syne at det er dette som er sivilisasjon, å blande seg med kvarandre, å ikkje vere isolert. Det eksisterer ikkje noko slikt som rein kultur. Folk seier «sjå på antikkens Hellas», men sanninga er at det gamle Hellas var i nær slekt med antikkens Egypt. Folk lærer heile tida, seier han.

Ali snakkar om den politiske makta til kultur, korleis kultur på ein eller annan måte alltid fungerer som brusk mellom to knoklar gjer:

– Kultur blir skapt av samfunnet vi lever i på same måte som det blir skapt av politikk. Nokre gonger kan kulturen vere framom politikken, nokre gonger bak. Men det er alltid knytta til det i ein eller anna form. Dersom du ser på symfoniane til Beethoven var dei ofte knytta til store hendingar. Men ja, han var veldig politisk. Og den satsen han først skreiv til ære for Napoleon…( tredje symfoni (red.merknad)) Han enda opp med å ripe vekk «Bonaparte» frå tittelen då han fikk vite at Napoleon hadde gjort seg sjølv til keisar og famna om kyrkja.

Motstand som kunst
Sjølv meiner Tariq Ali at det var dei vanskelege levekåra til svarte som er opphavet til noko av den finaste kulturen vi har i dag:

– Til og med etter at slaveriet vart formelt avskaffa var det dét som skapte kulturen av motstand. Kva var den motstanden? Jazz. Blues. Jam sessions. Spontan musikk, seier han.

– Fordi dei ikkje hadde tillating til å gjere noko anna, song dei. Dei song då dei var slavar. Dei song under den amerikanske borgarkrigen. Dei song då dei i tida etterpå vart diskriminert, og dei held fram med å syngje fordi talet på afroamerikanarar som blir undertrykka i dag eller går gjennom rettssystemet er nøyaktig det samme talet på svarte som var i USA like før borgarkrigen. Så oppfattinga om at alt er endra er berre tull.

Ali er roleg i blikket.

– Sjølvsagt er det ikkje det same, men undertrykkinga er der framleis. Og det er noko som eg trur er med på å skape rap-musikken. Nokre av tekstane og komposisjonane er valdelege, fordi vald er noko som er påført dei. Dei kjempa gjennom musikken sin.

Han tek ein pause før han avsluttar:

– Og det er eigentleg historia om kultur og det skjæringspunktet der politikk og kultur møtest i eit vegkryss.

Les saka i Universitas!