Piggtråd-musikk i Eidfjord

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det vil verta høg metallfaktor i Eidfjord denne helga. Tungmetal–musikken vil verta presentert på ein oppsett scene i Måbødalen. Bussar vil gå i skytteltrafikk frå Eidfjord, fortel Nils Ivar Martila.

– Me hadde planar om å leggja ut 2000 billettar til festivalen, men fekk beskjed om at det av tryggleiksårsaker berre var høve til 1000 billettar. Kva det skuldast veit eg ikkje, fortel Martila som fredag er klar til å ta i mot metall–frelste frå heile verda til vakre Hardanger.

Det er meldt stor interesse for festivalen, sett med utanlandske augo, og mange har alt signalisert at dei vil koma til festivalen .

– Får me 1000 gjester, skal me vera nøgde. Det er trass alt fyrste gongen me arrangerar metalfestival i Eidfjord, fortel Martila som vonar at det kan verta ein årleg festival i Hardanger etter at metallfestivalen i Bergen, Hole in the Sky, vart lagt ned i fjor.

Vil runga i fjellsidene
Også fleire band frå ulike stader i verda vil dukka opp under festivalen i Hardanger denne helga. Berre eit av banda måtte melda fråfall. Det tyske bandet Leviathan måtte avlysa då gitaristen i bandet hadde fått ein hovudskade. Som erstattar kjem det Bergen/kviterussiske bandet Homoferus.

– Dette er eit godt alternativ. Homoferus si siste plate var kjempebra, fortel Martila som legg til at metallmusikken i helga kjem til å runga godt i fjellsidene kring Eidfjord.

Høg metallfaktor
Metallfans frå heile verda vil til Noreg for å oppleva den storslåtte naturen der vikingane ein gong heldt til. Medan kristne pilgrimar vil til Israel, vil «metal heads» til Noreg, fortalde arrangør René Roverts frå til Hordaland tidlegare i sommar.

Sidan festivalen skal vera i Hardanger, bestemte dei seg for at festivalen måtte få eit namn med humoristisk vri. Dermed vart det Hard Anger Open Air Metal Festival.

– Me er veldig godt nøgde med måten me er vorte mottekne på i Eidfjord. Både kommunen og Sima kraftverk har vore eineståande med oss, seier Nils Ivar Martila som ser fram til ei helg med høg metallfaktor.

Les saka i avisa Hordaland!