Tollvern er viktigaste budsjettsak for Sp

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sp er under sterk press frå interesseorganisasjonane til bøndene etter brotet i jordbruksforhandlingane i vår. Då sette statsminister Jens Stoltenberg og finansminister Sigbjørn Johnsen (Ap) ned foten for løfte om tollendringar, ifølgje sentralt plasserte kjelderNationen har vore i kontakt med.

Sp-leiar Liv Signe Navarsete seier i eit ferskt intervju i Bondebladet at Sp kjem til å leggje all si tyngde på tollsaka når budsjettet skal forhandlast fram.

– Eg vil nok rangere ho heilt på toppen av viktige saker for oss, seier Navarsete til Bondebladet.

Les òg: Liv Signe fascinerer

Frå Sp-hald blir det sagt at partiet «må» få gjennom auka tollvern i statsbudsjettet for 2013. Viktige støttespelarar rundt partiet seier anonymt til Nationen at gjennomslag for eit styrkt tollvern er eit «vere eller ikkje vere» for Senterpartiet framfor valet neste haust. Saka blir omtalt som så viktig at regjeringsbrot bør vere utgangen dersom Sp lir nederlag.

Forhandlingane mellom dei tre regjeringspartia starta torsdag. Tysdag varsla statsminister Jens Stoltenberg auka løyvingar til beredskapsplanlegging, øvingar, krisehandtering og tilsyn. For to veker sidan varsla finansminister Sigbjørn Johnsen eit stramt budsjett tilpassa eit kriseramma Europa. (©NPK)

Les òg: Veg må gå føre tog