Hellbillies viser spennet – og saknet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Fredag slepper veteranbandet ikkje berre éin, men to nye singlar – som ein forsmak på studioalbum nummer 13, som kjem 5. november og rett og slett heiter «Tretten».

Ein av singlane er den nære og litt såre låten som Aslag langt frå hadde planar om å skrive, men som berre kom.

– Kanskje det måtte ut av systemet. Teksten er generell, det handlar om tap, som dei fleste opplever i eit liv. Men dei som kjenner historia, vil forstå kva det handlar om, seier han til NTB.

Teksten, som Aslag skreiv på engelsk og som ordsmeden til bandet, Arne Moslåtten, omsette til halling, er sterk. Aslag syng om «den tyngste børa», og at han skulle gitt alt for å reise i lag med broren «og sjå sola gå ned i det blå».

– Det var tøft å skulle spele han inn, då kom ting veldig nært igjen.

Dobbelt opp
No sit Aslag Haugen og ser roleg på videoen til låten, som også blir lagt ut førstkommande fredag på nettsida til bandet – og som er glimt frå studioet vi sit i no. Der ser ein dei to brørne framføre «Reise i lag med deg», som ein siste hyllest til Arne Sigurd Haugen – som var han som introduserte dei for musikken som kom til å prege deira eigne musikalske liv så sterkt.

Om kvifor låten vart førstesingel seier Aslag:

– Han trefte ei nerve hjå dei som lytta til han, og det avgjorde det. For meg er det ein viktig kvalitet i låtskriving; eg gidd sjeldan å høyre på musikk sjølv som ikkje treffer denne nerven.

Men samstundes slår Hellbillies til med ein mørk, hard og feit låt med veslebror Lars Håvard som utfaldar seg for fullt på elgitar – kalla «Pille med bråk».

Denne låten vil berre bli tilgjengeleg på nett, via nettsida til Hellbillies, frå fredag.

– Begge delar er Hellbillies anno 2012. Det var ikkje lett å finne éin låt som var representativ for heile skiva, som denne gongen har eit digert spenn i låtmateriale, endå større kontrastar enn før, slår Aslag Haugen fast.

Siste cd?
Førre skive, «Leite etter lykka» frå 2010, selde i 70-80.000 eksemplar. Men Aslag seier nøkternt at det «har skjedd mykje dei to åra».

– Eg blir ikkje overraska om dette er siste gongen vi gir ut CD. Eg trur utviklinga, med streaming og alt, vil akselerere. Men tenk at vinylen skulle overleve CD-en, ler han:

– Kanskje vinylsalet er ein reaksjon på dei overkomprimerte greiene. Vi gir ut «Tretten» på vinyl også, i ei spesialutgåve, ei dobbeltskive, med både engelsk og norsk.

For litt må gjerast, når eitt av dei mest populære banda i landet fyller 20 år. No ber Hellbillies publikummet sitt om å turnere seg ein tur til Oslo Spektrum, der bandet byr opp til jubileumsfest 24. november. Tre tusen billettar er alt selt.

– No har vi spelt på alle dei plassane i Noreg som kan levere nok straum, og nokre plassar som ikkje kan levere nok straum også. Difor ville vi lage ein kveld som skil seg ut frå alle andre Hellbillies-konsertar, seier Aslag Haugen.

Der vil Hellbillies gjere 3– 4 av dei nye låtane frå albumet. Inklusive «Reise i lag med deg» – som får det vakre felespelet til Rob Hajacos med seg også live. Amerikanaren – som har spelt med dei mest gullkanta countrynamna i åra som har gått sidan han medverka på dei første to Hellbillies-skivene – er nemleg blant gjestene som vil dukke opp i Spektrum.

Dei to andre som er klare er Jonas Alaska – og Are Kalvø.

– Han har fått frie tøylar, så vi er spente også, seier Aslag med ein gapskratt.

Evig turné
Denne veka og neste gjer dei siste finpussen på «Tretten» i studioet i Spydeberg, innimellom to spelejobbar førstkommande helg. Deretter skal plata miksast av David Bianco i Los Angeles, dit Lars Håvard Haugen – som er produsent på albumet – reiser over.

– Vi spelar litt i oktober, så blir det Spektrum-konserten, og så startar vi på ein lang turné igjen frå januar. Det sluttar aldri å overraske meg – publikummet vårt kjem, år etter år. Eg trur det har å gjere med at vi har tort å utfordre publikum med repertoaret vårt, seier Aslag Haugen.

Som likevel lovar at alle dei gamle godlåtane blir å høyra på nytt på jubileumskonserten i storsalen . (©NPK)