Teori etter teori ryk etter at Kepler-satelitten stadig gjer nye oppdagingar.

mm

No har Kepler funne eit solsystem, døypt Kepler-47, med to planetar i bane kring to stjerner.

Dette er eit viktig funn fordi det syner at det kan bli danna planetsystem ikring binære stjerner, det vil seia to stjerner som er innanfor same solsystem. Inntil for eitt år sidan ein har trudd at det var vanskeleg å danne planetar i slike binære stjernesystem, men med oppdaginga av alle desse planetane rundt binære stjerner verkar det som om dette er feil.

LES OGSÅ: Gigantisk gullklump passerer Jorda

– At det eksisterer eit fullverdig planetsystem som går i bane ikring Kepler-47 er ei fantastisk oppdaging, seier Greg Laughlin, professor i astrofysikk og Planetary Science ved University of California i Santa Cruz, i ei pressemelding.

– Desse planetane er svært vanskeleg å danne om ein skal ta utgangspunkt i det aksepterte paradigmet no for tida, og eg trur at teoretikarar, meg sjølv inkludert, skal gå attende til teiknebrettet for å prøve å betre forståinga vår av korleis planetar blir danna.

Les òg: Kva vil du testa i verdsrommet?

Dei indre og ytre planetane har radius 3,0 og 4,6 ganger større enn Jorda. Stjerneparet består av ei solliknande stjerne og ein følgesvenn om lag ein tredjedel så stor, som går i bane ikring kvarandre kvar 7,45 dag.

Den indre planeten treng mindre enn 50 dagar på å gå rundt stjernene. Den ytre planeten treng 303,2 dagar. Sjølv om denne planeten ikkje liknar særleg på jorda, ligg han innanfor den sona der det er mogleg å leva, der flytande vatn kan eksistere på ein jordliknande planet.

Les òg: NASA finn nye planetar

Med sine to kjente planetar gjer Kepler-47 det klart at nære binære stjerner kan ha komplette planetsystem.

– I leitinga vår etter planetar vi kan bu på har vi funne fleire høve for liv til å eksistere, seier William Borucki, prosjektleiar for Kepler-oppdraget ved Ames Research Center in Moffett Field i California i USA, i ei pressemelding.

Kjelder: Nasa, Wikipedia, sciencemag.org

Prøv quizen vår om verdsrommet!

Sjå meir på denne videoen frå NASA:

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.38

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE