Sikra seg plass i Guinness

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rekord: 150 km/t på rullebrett

Under Rudskogen Motorfestival sist helg knuste Steffen Eliassen verdensrekorden i longboard. Han heng bak ein Tesla Roadster elbil og vart målt til 150 kilometer i timen.

150 km/t bak bil
Det verkar heilt utruleg at det går an å halde seg oppreist på ei 95 centimeter lang treplate med fire små hjul utan festereimar over støvlane i vanvitig høg fart. 35-åringen frå Ål har vist at det går an.

Under rekordforsøket knuste Eliassen den gamle rekorden på 130,8 kilometer i timen som ein amerikanar hadde. Dagen etter gjorde han eit nytt forsøk, men då kom han «berre» opp i 143 km/t. Uansett er plassen i Guinness sikra med god margin.

LES OGSÅ: Heftige aktivitetar på festival

– Eg begynte å merke lufttrykket då farten kom over 130. Men det kunne ha gått endå fortare dersom bilen hadde fått opp større fart, seier Steffen Eliassen.

– Godt beskytta

– Var du redd?

– Ikkje akkurat redd. Sjølv om det er ein risiko for å falle, var eg veldig godt beskytta. Me brukar skumdressar som liknar på motorsykkeldressar. Men det er klart ein kan bli oppskrubba dersom ein trynar. 

Under rekordforsøket heng han bak verdas raskaste elbil. Det blir brukt elbilar i slike fartskonkurransar fordi dei ikkje har gir. Det gir jamn akselerasjon, og ein unngår små rykk under girskifte. 

– Gav det meirsmak?

– Rekorden har eg tenkt å gjera noko med sjølv dersom ingen andre gjer det.

LES OGSÅ: 36 millionar har sett det dei lagar

Konkurrerer downhill
Steffen Eliassen vart hekta på longboard for fem-seks år sidan medan han budde i Ål. Saman med broren Borgar og eit par kameratar starta han med å køyre ned stigningane på fylkesvegen i Votndalen. Siste åra har han budd i Oslo og er med i eit større longboardmiljø der.

Longboard foregår downhill langs asfalterte vegar der ein konkurrerer om å koma fortast mogeleg i mål. Det er rundt 150 konkurransekøyrarar i Norge og mange mosjonistar.

LES OGSÅ: Mild galskap på høgfjellet

Rekordforsøket på Rudskogen var ein del av ein motorfestivalen på Rudskogen. Steffen Eliassen og ein kamerat var invitert til å vera med på rekordforsøk av ein brettprodusent. 

– Risikoen for å skade seg er nok større under trening i downhill langs trafikkerte vegar som på ein flat og asfaltert bane bak ein bil, seier Eliassen. 

LES SAKA I HALLINGDØLEN!