Om to år skal bergensarane kunne køyra rundt i bussar drivne av kloakkgass i Bergen.

NPK
NPK

– Dette er eit verkeleg kinderegg. Vi reduserer bruken av fossilt brensel, vi brukar avfall som elles kunne blitt omdanna til den farlege klimagassen metan og den eksosen som kjem ut er like luktfri som eksosen frå naturgass, seier fylkesordførar Tom-Christer Nilsen til bt.no.

Frå 2014 skal Bergen kommune produsera metangass av kloakkslam, som skal brukast til drivstoff for gassbussar i byen.

Bergen har i dag 82 nye gassbussar som går på naturgass. Planen er at desse skal gå over til å bruka biogass, så snart produksjonen kjem i gang.

– Dette er eit meir miljøvennleg drivstoff enn naturgass, seier fylkesordførar Tom-Christer Nilsen. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.38

LES OGSÅ

ANNONSE