Vil halde på sidemålet

– Den nye læreplanen bør framleis ha eigen vurdering og karakter i sidemål, og like kompetansemål i hovudmål og sidemål, slår Navarsete fast.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Korleis meiner du ein bør sikre nynorsk framover både som hovudmål og sidemål i skulen ?

– Alle skal lære nynorsk og bokmål i skulen. Bokmålet er dominerande på mange felt i samfunnet, til dømes i media på nett og papir, og skulen er den aller viktigaste arenaen for å bli kjend med og lære nynorsk, seier Sp-leiaren som viser til språkmeldinga «Mål og meining» og språkopplæringsmeldinga «Språk bygger broer», begge frå 2008.

Her har regjeringa lagt opp ein brei politikk for styrking av nynorsken, der det må setjast inn særskilte tiltak for å unngå diskriminering. Språkpolitikken er eit nasjonalt kompromiss mellom by og land som får uttrykk gjennom dei to skriftmåla. Ein språkdelt skriftkultur kan berre overleve om fleirtalet er villig til å lære seg mindretalet sitt språk, og om mindretalet får ei opplæring som gjer utøvarane trygge på språket sitt. Med aukande flytting er det stadig fleire som møter og brukar nynorsk.

– Kva trur du blir den viktigaste utfordringa for nynorskkommunane framover?

– Å oppretthalde ein småkommunestruktur som sikrar nynorsken, er ei viktig utfordring. Mange nynorskkommunar gjer svært godt språkarbeid og er i tillegg mellom dei innbyggjarane er mest nøgde med å bu i.

– Kva er di viktigaste språksak mot stortingsvalet 2013?

– I 2014 er det 200-årsjubileum for grunnlova og staten Noreg. Det er viktig for meg at Sp sitt framlegg om å få grunnlova offisielt på nynorsk, som nesten fekk full tilslutnad i stortinget i vår, blir gjennomført. Det symboliserer tydeleg at jamstellinga skal gå vidare. Å gje dette eit vidare innhald ved å sikre større jamstelling og motverke diskriminering er mi viktigaste språksak.

Les òg: Rasar mot sidemålskutt

– Korleis påverkar språksakene eit eventuelt regjeringssamarbeid etter valet?

– Det er tydeleg skilje mellom regjeringsalternativa i språkpolitikken. Både Høgre og FrP har på sine landsmøte gått langt i å vilje svekke sidemålsopplæringa og pliktene i mållova til vekting mellom nynorsk og bokmål. Sp vil halde fram arbeidet med å oppnå gode løysingar saman med regjeringspartnarane våre, slik stortingsmeldinga frå 2008 er eit godt døme på.

– Kva trur du blir den viktigaste saka for nynorsken dei neste åra?

– Om me framleis skal ha ein språkpolitikk med overordna mål og samstundes vidareføre og styrke jamstellinga mellom nynorsk og bokmål, eller om språkpolitikken og ikkje berre språkvalet skal individualiserast og vere opp til den enkelte.

Les saka i LNK!