Står opp mot urett

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 – Amnesty jobbar med mange tema, men det som ligg i botnen er at me alltid forsvarar menneskerettane. Me jobbar for at alle folk skal nyta godt av desse rettane, sa Tanja Clifford, regionleiar i Amnesty Hordaland, i si innleiing.

Vern om ytringsfridomen
Som folkevalt, kjennest innsamlinga til Amnesty sitt menneskerettsarbeid relevant for Voss sin innsamlingsleiar, Sigbjørn Hauge.

– Her hjå oss kan me seia kva me vil. Det kan vera vanskeleg å sjå for seg at ein i andre land kan hamna i fengsel om ein seier feil ting, seier varaordføraren.

Amnesty-representantane gav Voss honnør for tradisjonen med å la varaordføraren ha hand om den lokale innsamlinga. For femte gong vert no Sigbjørn Hauge sjef for bøsseberarane, og seier at gjennomføringa vil gå føre seg som tidlegare år. Samtidig peikar han på ein potensiell partner som kan gje innsamlinga i oktober ekstra kraft.

– Me er heldige å ha ei svært aktiv Amnesty-gruppe på Voss, og me håpar denne vil ta eit tak i samband med årets aksjon, seier Hauge.

Mønstrar 170.000
Amnesty Internation si historie starta med at den britiske advokaten Peter Benenson i 1960 las ein avisartikkel om to portugisiske studentar som hadde vorte dømde til sju års fengsel for å ha skåla for fridomen på ein kafè. Året etter vart Amnesty skipa, og har sidan jobba iherdig for menneskerettane.

Det er ingen humanitær organisasjon i den forstand at ein deler ut mat eller telt. Arbeidsforma er å etterforska, informera, aksjonera og undervisa. Amnesty har 300 erfarne etterforskarar som gransar og avdekkjer overgrep. Deira informasjon vert skriven i rapportar og spreidd i media.

Neste steg er å aksjonera. Det skjer ved å mobilisera menneste over heile verda som går ut på gata, lagar kampanjar og protesterer på nett eller med mobiltelefonen.

Ein hasteaksjon kan ha som mål å få sett ein fange fri. Då greier Amnesty å mobilisera 170.000 menneske verda rundt på 24 timar.

Pussy Riot
Sjølv om organisasjonen har ei resolutt mobiliseringsevne, er det vanlegvis ikkje tempo som har prioritet.

– Me er ikkje alltid dei kjappaste, men me er grundige, fortalte Tanja Clifford på møtet tysdag.

– Alle rapportar Amnesty produserer vert gått gjennom av sju ulike instansar, fleire av dei i FN-systemet. Difor kan det gå ei tid frå me går inn i ei sak, til me har eit resultat.

Ho drog fram den aktuelle Pussy Riot-saka, der medlemene i den russiske punkrockgruppa i førre veke vart dømde til to års fengsel, etter at dei hadde framført ein Putin-kritisk performance i Kristuskyrkja i Moskva.

– Desse er samvitsfangar, og Amnesty kjem til å engasjera seg i saka, sa Tanja Clifford, og illustrerer med det at Amnesty sitt engasjement strekkjer seg frå å verna ytringsfridomen til rosa rockerebellar i Russland, til å stogga gjennomføring av dødsstraff verda over.

Les saka i avisa Hordaland!