Romania framleis i krise

 Traian Băsescu blir sett inn att som president, men dette vil ikkje ende den politiske kampen i landet.

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Riksrettsdom er ugyldig

Sjølv om Traian Băsescu, vann kampen om presidentmakta, held den politiske kampen mellom statsoverhovudet og statsministeren i landet fram. 21. august bestemte konstitusjonsdomstolen at folkerøystinga om riksretten til den tidlegare presidenten som vart halde 29. juli var ugyldig. 88 prosent av dei som røysta ville fjerne Basescu men valdeltakinga var under 50 prosent av registrerte veljarar, som er minste talet grunnlova godtek. 

I teorien kan Băsescu no gå attende til jobben sin, men i praksis vil dei fleste i parlamentet gjere det så vanskeleg som mogleg for presidenten å gjere dette.

Opposisjonspartia PNL og PSD har bestemt seg for å boikotte plenumsmøtet som skal ønske presidenten attende til jobben i dag. 

Romanias politiske krise har halde fram i to månader og vil sannsynlegvis berre bli verre framover mot parlamentsvalet i november. Crin Antonescu, leiaren av det liberale partiet PNL, som var mellombels president medan Băsescu var suspendert, har sagt at partiet hans er villig til å leve saman med Băsescu etter at han returnerer til kontoret, men vil halde fram kampen mot han. Victor Ponta, statsministeren, leiaren av det sosialdemokratiske partiet og ein nær alliert av Antonescu, har òg lova at kampen med mot presidenten og regimet hans skal halde fram til han er borte. 

Ikkje første gong
Dette er andre gong Băsescu har klart seg gjennom ei riksrettsfolkerøysting sidan han først fekk makta for åtte år sidan. Han har skulda at statsminister Ponta sin innsats for å ta han er knytt til at regjeringa vil ta kontroll over rettsvesenet og andre offentlege institusjonar.

Medlemmer av den gamle politiske eliten er urolege for den auka sjølvstenda til statsadvokat og anti-korrupsjonskontoret, som kan gå etter dei. Dei kan ha vakna opp etter korrupsjonstiltalen mot Adrian Nastase, tidlegare statsminister, som no er i fengsel. Dei synest å bruke Victor Ponta (som har vorte utsett for påstandar om plagiat nyleg) som eit instrument til å rive til seg makt. 

Nøkkelen til folkerøystinga var valdeltakinga. Victor Ponta sa meir enn 3 millonar rumenerar er busett i utlandet og at rumenske identitetskort på meir enn og ein halv million av dei hadde vorte ugyldige. Opposisjonen kritiserte regjeringa for å prøve å diskvalifisere desse veljarane (som ville ha senka terskelen for å gjere folkerøystinga gyldig), og hevdar at den at regjeringsalliansen ikkje hadde juridisk rett til å gjere dette.

Europarådet, gjennom sin leiar Torbjørn Jagland, har meldt frå om si uro for det politiske presset som den konstitusjonelle domstolen har møtt.

Nokre av dommarane til retten sa at dei hadde motteke drapstrugsmål og ba europeiske institusjonar om støtte. 

LES SISTE UTANRIKSNYTT HER!

IMF: Fokus på økonomisk reform
Valutaen i Romania, Leu, har fått langt mindre verdi i høve til euro på grunn av den politiske krisa. IMF er uroa, og har spurt regjeringa om å gjennomføre ein serie innstrammingstiltak og privatisering tiltak innan utgangen av september. 

– Det er viktig for regjeringa å fokusere på makroøkonomiske prioriteringar, noko som tyder å føre fra  budsjettpolitikk og reformar som vil gjere økonomien i stand til å vekse raskare enn i augneblinken, sa  Erik de Vrijer,  leiar for IMF sin delegasjon til Romania.

EU og USA har overvaka Romania nøye under krisa. Om Romania i det heile skulle få sleppa inn i EU har vore eit av spørsmåla som har vore reist i Brüssel. 

Andre kjelder: Economist, Reuters, Nine O`Clock news, EU Observer, Wikipedia.

Les òg: USA og EU åtvarar Romania