Rettferdig dømd?

Synnøve Kvamme
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tilrekneleg. Ikkje tilrekneleg. Livstid i fengsel. Tvunge psykisk helsevern. Debatten om korleis Breivik skal straffast har rast i mange månader. Fredag fekkhar me endeleg svaret, og svaret er klinkande klart. Breivik er tilrekneleg og må ta det heile og fulle ansvaret for sine utilgivelege handlingar.

Folk er naturlegvis splitta i sine meiningar om dommen. Enkelte meiner han er sjuk i hovudet og at det hadde vore på sin plass at han blei dømd som utilrekneleg, som for gjerningsmannen sjølv hadde vore det verste som kunne skje. Og det er vel ingen tvil om at meiningane hans er sjuke, at han har ein eigen, paranoid og forvrengt måte å sjå verda på. Men det er stor skilnad på å ha sjuke oppfatningar og å ikkje kunna stillast til ansvar for oppfatningane sine. Mi klare meining er at dommen er rett. Den praktiske straffa er eg meir usikker på.

Enkelte andre land klør seg i hovudet over alle rettigheitene drapsmannen får. Som mange har påpeikt er ikkje systemet vårt rusta for slike umenneskelege handlingar, og kanskje er det bra. Ein styrke, eit bevis på at me ikkje vil leva i eit samfunn der ein forventar slikt. Eller burde det finnast unntak som bekreftar regelen? Terroren 22. juli er ein unntakssituasjon uansett korleis ein vrir og vender på det. Me har ikkje strenge nok straffar for slike handlingar her i landet. Når Breivik no likevel har fått lovas strengaste straff er eg glad for det; sinnssjuk eller ikkje – han fortener ikkje noko helsevern, eller vern av noko slag.

Det er resten av samfunnet som treng å vernast frå han – og hans meiningar.

Det er frustrerande å sjå korleis media til tider har oppført seg som mikrofonstativ for gjerningsmannen. Noko av det første me lærte om denne mannen var at eit av hans hovudmål var å spreia sin bodskap. Det skulle han aldri ha fått moglegheita til. Handlingane hans er uforsvarlege, uforståelege, og det kjem ingenting godt ut av å høyra hans forklaring på kvifor han meiner det var legitimt å drepa 77 menneske. Me veit at enkelte, trass i alt, har uttrykt støtte for hans syn etter han har fått sin bodskap på trykk i alle landets media – akkurat slik han ville.

Det står å lesa at Breivik vil få tilgang på PC på Ila og at han ikkje vil få kommunikasjonsforbod. Med andre ord vil han kunna halda fram med å spreia sitt hat. Ein ting er at han skal dømmast etter eksisterande norsk lovverk og at soninga skal gjennomførast heretter. Når så det er opp og avgjort, burde han stengast inne saman med hatet sitt – og gløymast.