Heftige aktivitetar til festival

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Når festivalen heiter Fjell- og Fjordmoro er kaien ein glimrande samlingsplass, der har ein god utsikt over fjord og fjell – kor mykje av aktivitetane vil vera. På kaia er det god plass, og området vil vera ein samlingsplass på dagtid, ein vil finna både sekreteriat og mange av aktivitetane vil skje med utgangspunkt frå kaia, seier festivalsjef Odd-Eivind Holo.

LES OGSÅ: Råskinn med propell på ryggen

Spikra program
Festivalprogrammet som no er spikra syner eit breitt spekter av ulike aktivitetar ein kan delta på. Frå kaia kan ein blant anna testa ut slakkline, flyboard, vasski, dødsing, paddling, wakeboard, guida dykkarturar og mykje meir. Det vil være servering, underhaldning med lokale artistar, samt ein kjend DJ som lagar god stemning.

– Me er såpass heldige at me har fått med oss Det Internasjonale Dødseforbundet til og legge årets siste dødsekonkurranse til Sogndal. Konkurransen består eigentleg av ein gjeng galningar som gjer halsbrekkande stup frå eit ti-meter høgt tårn. I tillegg har me ein lokal gjeng som har utvikla sitt eige konsept, der dei kjem fykande på rulleski ned Bryggjegota for så og bykse utfor kaia på eit hopp meir spektakulært kan det ikkje bli, seier Holo.

Og legg til at begge konkurransane er opne for folk til og delta på.

LES OGSÅ: Her er dei beste Veko-videoane

Bakgrunnen
– Det er viktigt å få vist fram alle mulegheitene, til lokalbefolkninga, studentar og andre tilreisande, slik at miljøa får rekruttert til vekst. Det er også eit mål at politikarane i større grad skal vite om kva som rører seg av aktivitetar i kommunen deira, og møte aktørane på deira eigen arena. På den måten kan vi få ein betre dialog mellom politikarar og miljøa. Dette saman kan legge forholda til rette for ein vekst og etablering av arenaer og sette Sogndal på kartet også utanom vinterstid.

Les saka i Sogn Avis!

Kaien Invitational 2012 Sogndal from Fjellfant production on Vimeo.