– Halm er ei uutnytta energikjelde

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Halm uutnytta for energi

Noreg har i dag liten tradisjon for å bruka halm som energikjelde. Det som ikkje blir brukt til fôr eller strø for dyr, blir pløgd eller harva ned. Ein av del av halmen blir også brent.

I Danmark og Sverige er det annleis. Danskane har auka bruken av halm til bioenergi sidan 70-talet. I dag utgjer det ein tredel av halmpotensialet i Danmark, fortel Bioforsk på nettsidene sine.

Svenskane er ikkje like flinke, men dei brukar likevel mykje meir halm til bioenergi enn oss.

– Vi har ikkje så store kornareal, og dermed mindre tilgang enn nabolanda våre. Det finst nokre anlegg, men halm kan bli ein viktig del av vidare satsing på bioenergi, meiner forskarane bak rapporten, ifølgje Bioforsk.

I dag brukar vi om lag 14 TWh bioenergi. Målet til regjeringa er at dette skal doblast innan 2020. Flis, trepellets og halm blir då dei viktigaste råstoffa. (©NPK)