Norske filmkjendisar plagar kattar!

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Norske kjendisar plagar kattar!

Eigentlig skulle eg sjølvsagt ha skrive om Kon Tiki-filmen, men eg var for sein. Du veit korleis det er. Ein må følgje med heile tida. Det er ikkje veldig ofte det skjer noko i kulturlivet som er både lett og morsomt å skrive om, og når det først skjer, så må ein henge i og hive seg på telefonen, elles så har alle andre skrive om saka før deg. Det at mange har skrive om ei sak før, er naturligvis ikkje eit problem for oss som skriv i avisa. Snarare tvert i mot. Men på eit punkt sluttar gjerne dei involverte i ein skandale å ta telefonen. Og det var det som skjedde. Då eg omsider fekk ut fingeren og bestemte meg for at eg også ville skrive at Kon Tiki-filmen er historieforfalsking, då var det ingen som tok telefonen.

Irriterande.

Og det skal ikkje skje igjen. Denne gongen skal eg vere først. Og eg er heilt sikker på at eg er den første som avslører den omfattande og groteske dyremishandlinga som pågår i norsk kulturliv.

Dette er saka:

Du kjenner kanskje til filmen «Pus med støvler», der Antonio Banderas gir stemme til ein katt med hatt, sverd og støvlar. Katten snakkar engelsk med spansk aksent. Eg reknar med at det kjem til å komme fleire filmar med denne katten i hovudrolla. Det gjer som regel det når det er snakk om amerikanske filmar der dyr snakkar. For å vere sikker på å vere først, tek eg derfor debatten allereie no, før den neste filmen kjem.

Folk som sjølv har katt reagerer nemlig kraftig på måten kattar blir framstilte i denne filmen. Vi har snakka med mange katteelskarar. Dei fleste av dei lo av oss, la på eller bad oss skaffe oss eit liv. Men til slutt nådde vi fram til ein som hadde tid til overs og lyst til å uttale seg. Og som mellom oss kunne verke litt koko, men det er ikkje poenget. Poenget er det han sa:

– Alle som har høyrt kattar, veit at dei ikkje snakkar engelsk med spansk aksent. Kattar mjauar, remjar og fresar. Eg forstår naturligvis at ein ikkje kan lage ein heil film med mjauing, remjing og fresing. Det blir vanskelig å få fram replikkane då. Men engelsk med spansk aksent? Det er så langt frå mjauing, remjing og fresing som det er mulig å komme. Ein kunne då i det minste funne ein skodespelar som har litt til felles med rollefiguren. Alle veit at det menneskespråket som liknar mest på mjauing, fresing og remjing, er språket som blir snakka av eldre bergensdamer på kafé.

Dette med støvlane vekker også reaksjonar.

– Det er fullstendig urealistisk, sa ein kattekjennar til som etter litt overtaling gjekk med på å snakke med oss. Kattekjennaren seier rett ut at kattar sjeldan eller aldri bruker støvlar. Om du prøver å ta fottøy på ein katt, så vil katten kjenne seg audmjuka, bli irritert og få store problem med balansen.

– Vil du seie at det er dyremishandling å ha støvlar på ein katt? spurde vi.

Det ville ikkje denne kattekjennaren seie. Så vi måtte halde fram med ringinga. Etter seksten forsøk til, fann vi ein kattekjennar som var villig til å seie at det er dyremishandling å ha støvlar på ein katt. Sidan norske skodespelarar dubbar «Pus med støvler», er det altså ingen tvil om at norske filmkjendisar driv med dyremishandling.

 

Men det stoppar ikkje der. For om ein no skal ta denne historia på alvor, så handlar altså «Pus med støvlar» om ein remjande, mjauande, fresande hovudperson som går med støvlar, kjenner seg audmjuka og har store problem med balansen.

Plutselig liknar altså ikkje hovudpersonen fullt så mykje på ei eldre bergensdame på kafé som ved første augekast. Ein remjande, fresande person med støvlar, som kjenner seg audmjuka og har store problem med balansen? Dette minner meir om nokon som har vore på ein festival i regn, blitt dumpa av kjærasten, drukke for mykje og no prøver å finne teltet sitt.

Vi har snakka med mange som har vore på festival i regn, blitt dumpa av kjærasten, drukke for mykje og prøvd å finne teltet sitt. Ingen av dei har blitt spurt om å spele hovudrolla i denne filmen.

Mange av dei reagerer kraftig på dette.

«Kvifor?» sa ein av dei til oss.

«Schwæuæ,» sa ein annan.

 

Viss du synest denne kritikken av norske filmkjendisar er ein smule søkt, så har eg følgjande å seie:

Historia mi mangla ein konflikt, så eg måtte lage ein.

Hm. Kvar har eg høyrt den forklaringa før?

Først publisert i Aftenposten 25. august.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!