Fleire freistar jaktlukka

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Ferske tal frå SSB viser at det er ein liten auke i talet på jaktåret 2011/2012 samanlikna med året før. Det er særleg småviltjakta som aukar, med fleire rypejegerar. Men også hjort er det fleire som jaktar på, mellom anna grunna auka kvoter dei siste åra.

LES OGSÅ: In å vera ute

Folkeaktivitet
Norges Jeger- og Fiskerforbund er ikkje overraska over utviklinga:

– Vi har ein lang og sterkt jakttradisjon i Noreg. I 100 000 år har vi hausta frå naturen, med å gå på jakt. I motsetnad til andre land, der jakt har vore for overklassa, er jakt ein folkeaktivitet her i landet. Folk frå alle samfunnslag er representert i jaktmangfaldet og alle kjenner nokon som jaktar, då vert vegen kortare for sjølv å gå på jakt, fortel informasjonssjef Espen Farstad.

LES OGSÅ: Her vil gjedda få støyt

Han meiner og heng saman, med kor enkelt det er å kome seg ut på jakt. Mellom anna med høve til å ta jegerprøva mange stader i landet og organisasjonen sine 600 lokale foreiningar.

Populær elgjakt
Tala frå SSB syner at om lag 92 000 personar jaktar hjortevilt, altså elg, villrein, rådyr eller hjort. Framleis er elgjakta mest populært med 61 000 aktive jegerar førre jaktår. Det er også om lag 92 000 jegerar som jaktar småvilt, og 26% av dei aktive jegerane jaktar både småvilt og hjortevilt.

Rovdyr som jerv, bjørn og ulv vert det også jakta på i Noreg. Dette skjer ved lisensfelling, der lisensjegerar registrert i Jegerregisteret, har høve til å felle ein avgrensa mengde dyr med heimel i Naturmangfoldloven. 3800 jegerar var med på denne typen jakt førre jaktår.

LES OGSÅ: – Ikkje cowboyar

Damer på jakt
At fleire damer vel jakt, påverkar og talet på aktive jegerar. I jaktåret 2011/2012 gjekk 8500 damer på jakt, som er fem prosent auka frå året før. Til samanlikning var det berre 400 damer som jakta i jaktåret 1971/1972. Men framleis utgjer dei berre 5,9 prosent av dei aktive jegerane.

– Vi har jobba mykje med å få damene med på jakt. Det har vore ein mannsbastion utan like, derfor er det så positivt at interessa aukar og fleire damer vel å jakte, fortel Espen Farstad i Norges Jeger- og Fiskerforbund.

LES OGSÅ: Jaktar på det norske

Høg snittalder
Sjølv om det er 24.340 aktive jegerar mellom 16 og 29 år, er det dei over 40 som dominerar terrenget. Frå jaktåret 2001/2002 har snittalderen på aktive jegerar auka med meir enn 3 år, og er no 46,3 år.

– Eg trur mange ungdommar føler det er ein lang veg å byrje med jakt.  Sjølv om det ikkje er så vanskeleg, er det ein del formalitetar, ein må ta skyttarprøva og skaffe seg eit våpen. Så kan det vera dyrt med utstyr jaktterreng. Ein del ynskjer heller ikkje å ta liv, fortel Espen Farstad.

Han legg til at Norges Jeger- og Fiskerforbund jobbar med å få ungdom ut på jakt med til dømes faddergruppe og kurs. Og han trur det er ei interesse blant ungdom er der

– Hadde eg hatt valet om eg skulle byrje med golf eller jakt, hadde eg ikkje vore i tvil,  avsluttar Espen Farstad.

LES OGSÅ: Her er søndagstur mest populært

LES OGSÅ: Verdas beste naturfoto

Faktaboks

 

JAKT
• I jaktåret 2011/2012 jakta like mange hjortevilt som småvilt i Noreg.
• 92 000 jakta hjortevilt, elg, hjort, rådyr eller villrein.
• 92 00 jakta småvilt, som hare og rype.
• 5,9 prosent av dei aktive jegerane er damer.
• Dei fleste jegerane kjem frå Akershus og Sør-Trøndelag.
• Snittalderen på aktive jegerar er 46,3 år.
• Norges Jeger- og Fiskerforbund er ein interesseorganisasjon for jegerar og fiskarar i Noreg, og har om lag 118.000 medlemmer.