Verdas beste naturfoto

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Liodden stakk av med to av topprisane i den internasjonale konkurransen BBC Wildlife Photographer of the Year, verdas kanskje mest prestisjefylte fotokonkurranse.

– Eg fekk ein andreplass i klassen Creative Visions of Nature med eit midnattsolbilete av ei raudnebbterne. Så fekk eg tredjeplass i klassen Animals in their Environment med eit bilete av kongepingvinar på Sør-Georgia. Ingen andre skandinaviske fotografar oppnådde noko tilsvarande, seier Ole Jørgen Liodden, som har bakgrunn frå Hallingdal, men bur no i Nes i Ådal.

Biletet av raudnebbterna var tatt under ein fotoekspedisjon til Svalbard i den arktiske sommaren. Då sov Ole Jørgen om dagen og gjekk på fotojakt om natta.

– Det fine lyset oppstår gjerne ved midnatt. Og i dette tilfellet skar det seg gjennom skydekket og lyste opp heile dalføret framfor oss. Det var så overveldande vakkert at eg starta å gå inn i lyset. Då kom raudnebbterna flygande. Det var heilt magisk. Eg følgde den i flukt med telelinsa og gjorde dermed bakgrunnen uskarp. Ja, faktisk er heile biletet uskarpt, men på ein så kreativ måte at juryen sende dette biletet opp på nest øvste plass, fortel Liodden.

Biletet av kongepingvinane på Sør-Georgia var teke under tøffe forhold. Det var meir eller mindre storm, og snøkavane kom og gjekk.

Men dette var Ole Jørgen sin fjerde tur til Antarktis, så han var budd på det som venta og var ute nettopp etter bilete som fortel om dei harde forholda desse merkelege skapningane lever under. Ei gruppe på 15 pingvinar kom gåande opp frå vatnet etter å ha vore på fiskejakt, på veg tilbake til den store pingvinkolonien for å mate ungane sine med fiskefangsten. Dei brydde seg ikkje om Ole Jørgen i det heile tatt, men vagga rett forbi han.

LES OGSÅ: Surfemamma til topps

BBC Wildlife Photographer of the Year er ein konkurranse med deltaking frå heile verda. I år var det sendt inn 41.000 bilete.

Nivået er høgt og prestisjen stor. Prisutdelinga skjedde i London torsdag i nærvær av 300 innbedne gjester. Prisvinnarane fekk påspandert reise og opphald i London. Mellom gjestene var det mange fotografar, og dessutan mediefolk. Blant anna redaktørar frå National Geographic Magazine og BBC.

– Eg hadde samtalar med desse, og andre store biletbrukarar. Det er veldig viktig for ein fotograf å vere i dialog med dei som brukar bileta. I så måte var London-turen veldig nyttig, seier Ole Jørgen Liodden.

Å knytte kontaktar med andre fotografar er også viktig.

Liodden har aldri tidlegare delteke i fotokonkurransar.

Men denne gongen sende han inn fleire bilete sidan han såg at ei eksponering på dette nivået ville vere ei fin marknadsføring. Det angrar han nok ikkje på i dag.

Tidlegare har buskerudfotografen Tom Schandy frå Vestfossen gått heilt til topps og sikra seg førsteplassen i denne konkurransen for eit par år sidan.

Ole Jørgen Liodden er forfattaren og fotografen bak praktboka om Hallingdal.

Den vart trykt i eit opplag på 8.000 eksemplar. Det er no selt ca. 6.000 bøker og Liodden går i desse dagar ut med tilbod til bedrifter og kommunar om bokkjøp til f.eks. representasjonsbruk.

LES SAKA I HALLINGDØLEN!