Vil ha røykjefrie bilar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette er eitt av fleire kraftige tiltak foreininga foreslår for å verne barn mot passiv røyking, skriv Aftenposten.

Det er eit mål for foreininga at dei som er fødd etter 2000 skal bli den første heilt røykfrie generasjonen.
 
Anslagsvis 100.000 barn vert utsette for passiv røyking heime kvar dag. Også hos besteforeldre, slektningar og venner blir ein utsett for passiv røyking. Det viser ei ny undersøking Helsedirektoratet har fått utført i samband med kampanjen «Det du ikke ser» om barn og passiv røyking.
 
 
Åtte av ti støttar også eit forbod mot røyking i nærleiken av barn innandørs. Også blant dei som røykjer dagleg støttar rundt 65 prosent eit forbod mot røyking med barn inne eller i bil.
 
27 prosent av dei spurte i Helsedirektoratets undersøking seier dei tillèt røyking inne hos seg sjølv. 11 prosent tillèt det generelt, medan ytterlegare 16 prosent tillèt det unntaksvis. (©NPK)
 
Les òg: Stumpar røyken