Eggjar opp til debatt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ap meiner at det er urettvist at menn får hjelp til å få barn via sæddonasjon, men ikkje dersom det er kvinna som er infertil. Kvifor er denne saka så viktig?

– Eg har møtt folk som ikkje klarer å få barn, og har sett kor fortvila dei er. Eg ønskjer å bidra til at desse også skal få barn, når me har tekniske nyvinningar som kan hjelpa dei. Det er også likestilling av donor. 

– Senterpartiet er usamd i at egg- og sæddonasjon kan sidestillast, sidan eggdonasjon er meir komplisert.

– Det er klart at det er ulike måtar å donera på. Eg meiner at me må likestilla egg- og sæddonasjon fordi det handlar om rettferd. Når me har høve til å hjelpa para som slit, og oppfylla deira høgaste ønske, må me det. Det er sikkert muleg å grava seg ned i kompliserte ting, men for meg er svaret svært enkelt. 

– Er litt av grunnen til lovforslaget at me skal få fleire barn?

– Eg meiner at me treng fleire barn i Noreg. Det er store utfordringar for europeiske land at fødselstala går ned. Derfor treng me ein politikk som bidreg til fleire barn. Me må strekkja ut ei hand til para som ønskjer det.

– Senterpartiet meiner at alle barn har rett til å kjenna si eiga mor.

– Det me veit, er at nokon ønskjer – som donor – at identiteten skal vera kjend. Dei fleste vil donera anonymt. Nokre barn har ønske om å vita kven den biologiske mora er, og mange barn ser ikkje det behovet, slik adoptivbarn har ulike måtar å sjå det på. Dei som jobbar med problemstillinga, seier at det beste er å snakka med barnet. Ikkje prøv å skjula det. Ein får fleire donorar dersom ein har høve til å donera anonymt. Eg trur at alle barn vil leva godt med det. 

– Korleis stiller Ap seg til surrogati?

– Det er me imot. Det er ein debatt i Noreg om den saka, men førebels er det ei uaktuell problemstilling. Dette handlar om å hjelpa par med enkle inngrep. Å blanda inn surrogati vil vera med å forkludra ein viktig debatt.

– Men er ikkje vegen frå egg­donasjon til surrogati kort?

– Nei. Eg meiner at ein ut­­merkt godt kan tillata eggdonasjon utan at me på eit tidspunkt går inn for surrogati. Svært mange tenkjer på surrogati som eit stort trugsmål. Dette er det delte meiningar om i politiske parti og i befolkninga. Det er uaktuelt å gå inn for å tillata det på noverande tidspunktet.

– Kva meiner du med det?

– Ingenting tyder på at er aktuelt å opna for det no. Men det som er interessant, er at i diskusjonen om eggdonasjon blir alt problematisk. Det provoserer meg at kvinnelege arve­anlegg er eit stort problem, medan det mannlege er uproblematisk. Me må halda debatten utan å gå i forsvarsposisjon, at dette er eit ledd i prosessen med å tillata surrogati. Denne debatten står på eigne bein.

– Kan du forstå kritikken frå KrF om at barn blir ei vare?

– Nei, det forstår eg absolutt ikkje. Det er ei kynisk framstilling. Det er meir provoserande at ein har høve til å hjelpa par, men ikkje vil, fordi ein meiner at sin eigen moral er viktigare. Det får KrF sjølve svara for – at dei vil nekta folk når dei kan. 

– Kan seksti år gamle einslege kvinner også få tilbod om donasjon dersom lovforslaget går gjennom?

– Utan at eg veit nøyaktig korleis regelverket blir utforma, må ein setja grenser. Ein skal forsikra seg om at folk er i stand til å ta seg av barnet, gi det gode oppvekstvilkår og at dette er forsvarleg etter medisinske omsyn. Me kjem til å føreslå ei aldersgrense på 45 år.

– Mykje av kritikken mot eggdonasjon og assistert befruktning for single går ut på at det ikkje er til det beste for barnet. Dersom argumentasjonen er likestilling for foreldra, kan du forstå kritikarar som meiner at det er ein egoistisk tanke?

– Det er ei ovanfrå-og-ned-handling til einslege. Alternativet for barnet er kanskje aldri å bli fødd. Eg meiner at mange einslege er utmerkte forsørgjarar og omsorgspersonar. Det er gjerne godt etablerte par som sjølve har fått høve til å få barn, som leitar etter måtar å avgrensa andre sin fridom. 

– Kva meiner du med det?

– At dei må setja seg inn i korleis dette blir opplevd. Då ser dei kor mykje det betyr, og kor fortvila folk er. Kritiske og usikre bør heller spørje korleis fleire barn kan bli fødde i Noreg og fleire kan få høve til å bli foreldre. 

Les saka i Dag og Tid!