– Breivik kan bli sitjande på livstid

Tingrettsdommar Ina Strømstad seier Anders Behring Breivik kan bli sitjande frå ti år til resten av livet.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kan bli sitjande på livstid

Då Breivik fekk dommen fredag, vart han dømt til 21 år forvaring med ei minstetid på ti år. Det tyder at det må gå minimum ti år, før han kan få prøvd saka for retten på nytt.

– Når det har gått ti år, kan han få testa i retten om han framleis er farleg. Når det har gått 21 år, kan påtalemakta krevje han fengsla i fem nye år av gongen, seier tingrettsdommar Ina Strømstad til NTB.

På den måten kan Breivik bli sitjande inne resten av livet, dersom retten kvart femte år ser han som for farleg til å sleppe ut.

– Han skal på ein måte gjennom ei behandling for «farligheten» sin i fengselet. Så vil vurderinga av han i framtida avgjere kor lenge han sit inne. Dersom han resten av livet blir vurdert som for farleg til å sleppe ut, vil han bli sitjande inne på livstid, seier Strømstad. (©NPK)

Les meir om terroråtaket 22. juli her!