Legemiddelverket frårår å mikse Ibux og Paracet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

- Ikkje miks Ibux og Paracet

– Det er ikkje anbefalt å mikse paracetamol og ibuprofen. Enkelte meiner det å blande dei gir betre effekt. Men det er ikkje noko vi i Legemiddelverket vil tilrå, seier overlege Steinar Madsen i Statens legemiddelverk til Aftenbladet..

Han understrekar at sjølv om ibuprofen og paracetamol har likskapar, så er det også to forskjellige legemiddel, og det tilrådast ikkje å bruke fleire legemiddel samtidig.

– Blanding gir større risiko for biverknader. Ibuprofen er hardare mot magen, og det er enkelte personar som absolutt ikkje bør bruke ibuprofen, seier han.

Dessutan tar ikkje doserettleiinga på pakkene høgde for at ein skal mikse med eit anna legemiddel. Den samla dosen kan bli for høg dersom ein blander, seier Madsen.

Og for høg dose kan føre til mageplager, magesår og i verste fall blødande magesår.

– Hovudregelen er: Bruk minste effektive dose så kort tid som mogleg, seier overlegen. (©NPK)