Kvar fjerde treng hjelp til kjøp av bustad
Kvar fjerde nordmann treng hjelp til kravet om minst 15 prosent eigenkapital når dei skal kjøpa bustad.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det kjem fram i ei undersøking Sentio har laga for Fokus Bank, fortel VG.
– Det er naturleg at fleire søkjer hjelp med kombinasjonen av høgare prisar og strengare krav. Dette seier noko om kor viktig foreldre og besteforeldre er for å få innpass på bustadmarknaden, seier ungdomsøkonom Maria Setsaas i Fokus Bank.
Ho fryktar derimot kravet til eigenkapital kan skapa klasseskilje mellom dei som har ressurssterke foreldre og besteforeldre, og dei som ikkje har det.
Forbrukarøkonom Silje Sandmæl i DNB er einig, men direktør Morten Baltzersen trur ikkje kravet fører til klasseskilje.
«Det er vanskeleg å sjå at tiltak som bidrar til å redusere risikoen for gjeldsproblem for enkeltmenneske og ubalanser i norsk økonomi, skal føre til klasseskille», skriv han e-post til Dine Penger. (©NPK)