– Foreldre betaler kva som helst

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Berre kring ein tredjedel av barn og unge frå familiar med inntekter under 345.000 kroner er med i idrettslag. For familiar med inntekter over 680.000 i året, er sannsynet for å vera med i idretten over 60 prosent.

Det kjem fram i ein rapport frå Senter for sivilsamfunn og frivillig sektor.

LES SAKA: Idretten skyv fattige frå seg

– Dårleg økonomi er eit sårt tema, seier Mads Andreassen. Han er seksjonsleiar for barn og unge i Norges Idrettsforbund.

Foreldre pusjar på
Mads Andreassen fortel at stadig fleire foreldre fokuserer tidleg på at borna skal oppnå resultat, og krev høgare og høgare kvalitet i tilbodet som blir gjeve borna sine.

– Dette inneber ofte dyrt utstyr, treningssamlingar og profesjonelle trenarar. Når ein har foreldre som er villige til å betala kva som helst for det beste tilbodet, driv dette kostnadene for å delta i idrett opp. Dette er ei utvikling som bekymrar idretten, og som me ikkje ynskjer, seier Andreassen til Framtida.no.

Han meiner overdriven fokus på dyrt utstyr og det å oppnå resultat i barneidretten ofte vil virka mot hensikta.

– Høge treningsutgifter og eit kappløp om å ha det beste utstyret vil både føre til at mange ikkje kan byrja med idrett, og tvinga mange til å slutta av økonomiske omsyn.

Seksjonsleiaren for barn og unge i Norges Idrettsforbund meiner det viktigaste er at born skal få utvikla og meistra nye ferdigheiter, framfor å læra at ein kan kjøpa seg til raske resultat.

LES OGSÅ: Uroa over slapp ungdom

– Målet er ikkje nådd
Det er 12000 idrettslag i Norge. Dei aller fleste av desse er drivne på frivillig basis. Mange idrettslag er flinke til å skaffa seg inntekter gjennom dugnad og lokalt næringsliv slik at kostnadene blir haldne relativt låge for medlemane.

– Det enkle, men utfordrande svaret er at det er viktig å ha ein dialog og eit medvite tilhøve i idrettslaget til kostnadene ved å delta i idrett. Nokre idrettslag er flinke på å finne løysingar dersom ein ikkje har råd til medlemskontingentar, og fleire kommunar har støtteordningar som adresserer denne utfordringa, men terskelen for at familiar med dårleg råd tek dette steget er høgt. Noko blir altså i dag gjort, men så lenge me ser at born blir ekskludert frå idretten på grunn av dårleg økonomi, når me ikkje målet om å gje eit tilbod til alle, seier Mads Andreassen.

Er det for stort kjøpepress i idretten? Kva bør ein gjera for at fleire skal halda fram med idrett?