Christer Sjølie af Geijerstam (20) blir gjenkjent på gata i Sverige men drøymer framleis om eit gjennombrot i Noreg.

Ragnhild Myklemyr/Sogn Avis
Ragnhild Myklemyr/Sogn Avis

 I sommar har Christer og dei fire andre gutane i bandet Youngblood spelt om lag 40 konsertar rundt om i Sverige.

– På det meste har det blitt seks konsertar på fire dagar, men eg likar at det skjer ting rundt meg, fortel han ivrig.

Kjent att på gata
Bandet har i sitt første leveår oppnådd stor popularitet i nabolandet. Med songar som Blame It On You og American Girlfriend, har dei skaffa seg eit namn også i Japan, Finland og USA. Christer er smigra over den enorme responsen.

– I Sverige kan me ikkje gå på gata utan at folk kjenner oss at og kjem bort til oss. Her i landet er færre som kjenner til oss, men eg håpar at me ein dag vil slå igjennom også i Noreg.

Overveldande
Fansen er hovudsakleg jenter og gutar opp til 20 års alderen, og her snakkar me om ein fanskare av det dedikerte slaget.

– Me har ei offisiell fan-gruppe på Facebook med om lag 9000 fans. I tillegg er det mange som tek kontakt på konsertane, og som sender oss fanpost. Ved eit intervju sa eg tilfeldigvis at eg var glad i sjokolade, så no får eg mykje av det.

Somme går lengre enn andre for å uttrykka begeistringa dei sit inne med.

– Ein bandmedlemmene blei forsøkt spleisa av ei engasjert mor som gav han nummeret til dottera hennar. Ho bad han ringa henne, og var overtydd om at det skulle bli dei to. Me opplever mykje rart, fortel han.

Byggjer nettverk
Christer har lenge vore aktiv i dansemiljøet i Luster, og har den siste tida fått bekrefta at det er nettopp song og dans han vil driva med.

– Eg har blitt meir trygg på meg sjølv den siste tida, og trivst godt på scena. Det artigaste er når me spelar til eit stort publikum, der folk syng med på songane vore. I tillegg set eg pris på å få møta mange spennande folk, og skaffa meg kontaktar i bransjen. Det kjem alltid godt med, fortel Christer.

Han fortel om uvante opplevingar på turné.

– Ein gong skulle me spela på eit kjøpesenter. Då var det plutseleg åtte breiskuldra livvakter i dress som skulle passa på oss. Det blei litt i overkant, men det var ei artig kjensle då dei følgde oss gjennom senteret, seier han og ler.

Les saka i Sogn Avis!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.38

Kommentarar

ANNONSE