– Ap pådrivaren bak det beste samfunnet i verda
Mange har gjennom åra bidrege til å utvikle det norske velferdssamfunnet, men det er Arbeidarpartiet som i alle år har vore den drivande krafta, ifølgje Jens Stoltenberg.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det er ei historisk tilsniking å seie at velferdssamfunnet kom av seg sjølv. Det er eit resultat av mange politiske og omstridde val, sa statsminister og Ap-leiar Jens Stoltenberg då han talte under feiringa av 125-årsjubileet til Arbeidarpartiet tysdag.
Det som starta med kampen til arbeidarrørsla for normalarbeidsdagen og allmenn stemmerett under stiftinga i 1887 har resultert i at samfunnet blir kåra til det mest likestilte, det beste å bli mor i og «verdas beste land», slik Stoltenberg formulerte det
– Vi skal ikkje gjere den feilen å seie at alt dette er på grunn av Det norske Arbeidarparti. Arbeidarpartiet har ikkje skapt det norske velferdssamfunnet aleine. Vi har samarbeidd med andre parti, både i mindretal og i fleirtal. Men når vi ser på det politiske landskapet har den dominerande krafta i alle desse åra vore nettopp Arbeidarpartiet, sa han. (©NPK)