NHO krev enklare byråkrati raskare

Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) meiner at næringsminister Trond Giske (Ap) må få fortgang i forenklingsarbeidet.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I august i fjor talfesta Giske eit mål for innsparingar gjennom å forenkle offentlege krav til bedriftene. Han lovde 10 milliardar kroner innan utgangen av 2014 og at omtrent halvparten skulle takast i inneverande stortingsperiode. NHO krev no at Giske set opp farten, skriv Dagens Næringsliv.

– Vi gav sterk støtte til løftet frå statsråden om å kutte byråkratikostnadene til næringslivet med 10 milliardar kroner då det kom for eitt år sidan. Fjerning av revisjonsplikta for mindre føretak var eit stort og viktig tiltak. Endra aksjekapitalkrav var svært bra. Innsparinga er rundt 2 milliardar. Men sidan har vi verken sett forslag eller signal om vidare forenklingssteg, seier NHO-sjef John G. Bernander.

Han ventar at Giske kjem med nye forslag og signal seinast i 2013-statsbudsjettet som blir lagt fram i oktober.

– Sjølv om vi støtta målet, blir diplom ikkje delt ut før leveranse skjer, seier Bernander.

Næringsdepartementet opplyser at nye tiltak kan komme både i og utanfor budsjettet. Statssekretær Halvard Ingebrigtsen meiner NHO ikkje treng å uroe seg. Målet om 10 milliardar kroner i forenklingsinnsparing står fast, seier Ingebrigtsen.

– Vi meiner vi er i rute. Det er no eigne dedikerte tilsette i Næringsdepartementet som arbeider med sakene, blant anna med vidare forenkling av aksjelova, seier Ingebrigtsen. (©NPK)