Gliset frå Gudbrandsdalen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Frå hest til boge
Marie Forr Klåpbakken er fødd 1. juli 1985, og oppvaksen på Vinstra i Gudbrandsdalen. Ein skulle kanskje tru at ei jente som er profesjonell musikar allereie midt i tjueåra, har spelt musikk sidan ho lærte å gå – men slik er det ikkje med Marie. Ho har rett nok sunge heile tida, men fele begynte ho ikkje å spele før ho var 11 år! Då ho var barn, var det hestar som opptok mesteparten av tankane hennar.

Men då Marie begynte å ta feletimar i kulturskulen, gjekk det fort framover. Ho starta som klassisk fiolinist, og hadde Arve Tellefsen som det store idolet sitt. Dei to pla jamme mykje – det vil seie Tellefsen spelte frå stereoanlegget, og Marie spelte oppå. Som 16-åring søkte ho seg inn på musikklina på Vinstra vidaregåande skule – og det var her ho forelska seg i folkemusikken.

Felejenta
I møte med andre entusiastiske folkemusikarar vakna Marie si interesse for den gamle tradisjonsmusikken. Ho bytte repertoar, og naturlegvis også spelestil, og fann seg raskt til rette blant lydarslåttar og rørospolsar. På denne tida var det felespelet som vart prioritert – men var ein heldig, kunne ein framleis få høyre henne tralle, gjerne i duett med mora, i bilen på veg heim frå eitt-eller-anna. Det er flatfela som er Marie sitt instrument, og stemmebanda – men etter kvart har ho også begynt å spele på andre strengar: hardingfele, gitar, langeleik.

I 2004 begynte Marie på Noregs musikkhøgskole i Oslo. Studiet vart fullført i ein mastergrad våren 2010, og sidan har ho jobba som frilansmusikar, gjerne under det sjølvvalde kallenamnet «Felejenta». Men allereie før studiet tok slutt, var Marie i gang med nye prosjekt. Mellom anna var ho plukka ut til Førdefestivalen sitt Talent-prosjekt i 2007, og til IntroFolk i 2009. Ho spelte i diverse grupper, men er nok mest kjend for samarbeidet sitt med Julie Alapnes Normann. Dei turnerte både inn- og utland som Litjtausa – og under namnet Marie & Julie tok dei seg vidare til semifinalen i Norske Talenter våren 2010.

Framtida
Men kor har det vorte av songstemma? Jo, ho dukkar opp igjen. For når Marie held konsertar, spelar ho ikkje berre gamle slåttar, men også nye songar som ho sjølv har laga. I åra etter musikkhøgskulen er fleire og fleire av desse songane vise-aktige låtar, med eigenskrivne tekster – og felespel. Etter suksessen som Helene Bøksle si langeleik-jente under Melodi Grand Prix 2011 vert Marie invitert med på Helene sin julekonsert-turné – no også som kordame.

Men våren 2012 står Marie åleine. Ho dukkar først opp på Bylarm, der ho også spelte året før til gode omtaler. Bandet er nytt, og det same er mykje av materialet – Marie har nemleg skrive kontrakt med MTG Music og er i gang med innspelinga av sitt første album. Vamp-medlem Odin Staveland er med både som produsent og musikar.

Omtrent samtidig spelar Marie fele på Vinnie si vanvittige suksesstolking av Halfdan Sivertsen-låten Sommerfuggel i vinterland. Albumet Framtidakjem ut i mai, og singelen To unge vakrevert straks a-lista på P1.

LES OGSÅ: Felejenta

 

Stod først på trykk i Norsk Barneblad.