Krasjlanding

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Om du spolar attende til hausten 2008, står Marta Næss Bergseng klar med ranselen full av bøker og roser i kinna. Trondheimsjenta har flytta til Oslo med kjærasten, og planen er klår: Jus for alle penga. Det er fadderveke, det er bli-kjend-tid, og ei jente frå Oslos beste vestkant har allereie spissa jus-albuene. 

«Er pappa’n advokaten din, eller? … Mamma’n din då? … Har du nokre juristar i familien i det heile, eller?» 

Eit verbalt bitch-slap, og Bergseng blir svar skuldig. Rosene falmar frå kinna, medan vestkantjenta held fram: «Korleis har du tenkt å få deg jobb’a?» 
Mange av skota på kunnskapstreet er innflyttarar, som Bergseng. Det er snakk om pure ungfolar, rett frå barmen til mor. Du er sikker på valet, har flytta heimanfrå, høgare utdanning midt i fleisen. Forventingspresset til å ha tida til livet ditt, studietida, er skyhøgt. Men langt frå alle får ein flying start. 

– Eg vart stressa av Oslo-vestmiljøet, fekk panikk av det. Det var skumle jenter, og kjensla av å havne på ungdomsskulen, med dei kuleog dei ukule. Eg var ho derre trønderen som kom dit med skinnvest, bart og karsk. Eg passa ikkje inn. Eg fekk angst for å skilje meg ut, noko eg ikkje hadde hatt før. Eg tenkte at shit, folk her kjem frå ein heilt anna verda enn meg. 

Samstundes sette ho faget i halsen. Bergseng var ein klassisk ny og ivrig student. Ho hadde kjøpt alle bøker på pensum, pluss sekundærlitteraturen. Ho sat på lesesalen den første dagen med alle bøkene føre seg, då tanken slo henne: «Herregud er det det her eg skal drive med resten av livet?» I ettertid omtalar ho studievalet som ei søt historie. 

Draum om menneskerettsjurist og generalsekretær i FN
– Eg var ho som kom til Oslo med ein audmjuk draum om å bli menneskerettsjurist og generalsekretær i FN. Eg byrja rett på, men hadde ikkje skjønt kva jussen var. Etter éin dag med rettslære på vidaregåande syntest eg det verka utruleg dårleg, eg skjønte ikkje kvifor folk dreiv med det. Men alle heime var så innmari samde om at eg skulle studere jus, så jurist skulle eg bli. 

Det tek tid å slå seg til ro med tanken om å hoppe av. Flinke jenter held ut, og det tok eit år før Bergseng sa farvel til jussen, tok faga ho trong på Bjørknes og byrja å studere medisin. No får ho høve til å hjelpe menneske utan å bale i årevis med eit fag ho mislikar. 

– Det er lov å bomme litt, det er lov å ikkje synest det er så fett. Folk er litt redde for å gje opp ting. Eg synest ikkje ein skal vere det, for det er ikkje noko problem å teste ut noko anna. Eg har vener som har halde ut på studium dei er usikre på i tre, fire år. Ein venninne av meg åt lunsjen eit halvår på lesesalen, fordi ho ikkje tora gå ned i kantina, og ho går der enno. 

Det handlar ikkje om å angre på det du har gjort, men å vere storsinna nok ovanfor deg sjølv til å gje noko anna ein sjanse. Så kan du sjå attende på det og le, i staden for å klamre deg til noko du synast er genuint drit. For Bergseng er jussen ein motpol som hjelper henne med å pugge seg gjennom medisinstudia. 

– Eg er glad for året på jussen, eg lærde mykje. Og om eg blir lei av det eg studerer no, så har eg kontrasten. Eg kan samanlikne med noko langt kjipare. 

Hang mest på Karl Johan
Du har flytta til det næraste dette landet har å tilby på storbyfronten: Oslo. Den fragmenterte, uoversiktlege byen, der kvart strøk er ein verdensdel og alle gatene ulike land. Dei glora sentrumsgatene kring Jernbanetorget er ein «Velkommen heim»-plakat i neonforkledning, for dei som kjenner Oslo og veit å setje pris på den rufsa sjarmen byen har. Vi som veit at turen frå Østbanehallen til Slottet er ei rute du treng å traske éin gong, og så har du sett det du treng. Det visste ikkje Christoffer Gundersen då han flytta hit med ein kompisgjeng hausten 2010. 

– Vi hang mest på Karl Johan og gjekk opp og ned der. Venene mine og eg drog til byen på laurdagen som vi pleidde i Bodø, dra til sentrum for å hengje. Sjekke ut kjøpesentra, kjøpe stygge ting på sal. Så avslutta vi dagen med å gå på Fridays. Vi åt så ofte der den første månaden at det er heilt forferdeleg. Òg var vi sjukt mykje på kino. Eldorado, Karl Johan og Aker brygge. Jada. 

Gundersen kjende ikkje byen enno, skjønte ikkje kva DeLillos bablar om i det heile. Suser avgarde alle menn, ja, men for nokre går det litt for fort. For gud betre det kan ta tid å bli kjent med ein ny by, og det går ikkje alltid som i ein visesong. Vesle Oslo er ein eigen planet, men ikkje den lettaste staden å starte. 

– Veit du kva vi pla å gjere for å bli kjent med Oslo? Vi pla å køyre buss i timevis. Det var så artig med dei busskorta, ein kunne køyre så mykje ein ville. Vi kjeda oss så vi heldt på å sprekke, veit du. Då eg vart teke i kontroll ein av dei første dagane, slapp eg unna med «dum nordlending»-korta. Det var ikkje spel, veit du. Eg var heilt på bærtur. Det er så utruleg svært når du først flyttar hit. 

For mange tyder «by» eit edderkoppspinn av bussar, trikkar og banar som aldri har tenkt seg dit du skulle. Det tyder å gå seg vill mellom Majorstua og Nationaltheatret, det tyder natur utan fjell, og sjø utan bratte klipper som stuper ned langs fjorden. Men sjølv dei blygaste småbykarene må finne plassen sin i byen. Gundersen prøvde Solli plass, Frokostkjelleren, Gabler. Er det ikkje der ein heng? Han kjøpte pene klede, skjorter, slips, og dressjakker, men følte seg ikkje heime. 

– Det tok meg eit år å finne ut at det der ikkje var plassane mine. Det tek tid å lappe saman ein by i hovudet, korleis ting hengjer saman, der ting er. Det første halvåret var eg heime 4-5 gonger. Heimlengsel er ikkje til å kimse av. 
Men gjev du byen nokre månader, vil du finne ut av at det er stor skilnad på kalde austblokkbrakker på Sogn og Kringsjå, og lune kollektiv på St. Hanshaugen. Plutseleg finn du skjulte skattar i bydelar du ikkje kjende frå før, og byen blir litt meir din. 

– Det lausna då eg bytta studie og flytta til Alexander Kiellands plass, fann meg til rette på Løkka. I dag føler eg at Oslo er som den andre heimbyen min. Eg fekk eit mykje meir avslappa tilhøve til ting når eg så korleis byen hengjer saman. Eg veit der eg burde dra, at eg ikkje treng å hengje på Solli. Viss mutteren kjem til byen kan eg seie ta den bussen, byt der. Eg følar eg meistrar byen. I dag tenkjer eg på kor nært alt er. Oslo er jo ein veldig kompakt by. 

Kva er det eigentleg ein forventar seg når ein byrjar på universitetet? Det ein får er i alle fall ein bunke med bøkar så tørre som takpapp og veggpapp til saman. Ein stol og eit bord, vêr så god– tileign deg kunnskap, analysér, tolk, kos deg. Ole Martin Wølner frå Sørumsand byrja på UiO med eit optimistisk sinn, og urealistiske voner om kor artig det faktisk er å studere. 

– På svært kort tid, fann eg ut at det var jævla keisamt. Eg opplevde ikkje at lesinga var spennande, det var berre jobb. Det var berre tørre gamle professorar, som å sitja og høyre på ein utruleg keisam forteljing. Dei glimta til av og til, men svært sjeldan. 
Han gjekk dramalina på vidaregåande, tok eit år på skodespelarlina på Liverpool Institute for Performing Arts. Spela i Olsenbanden junior har han óg. Det var film og skodespel som var greia til Ole Martin Wølners. Men han ville ikkje slå seg til ro med det første og beste, han ville utvide horisontane. Det var på tide med ein akademisk fjør i hatten, og litt sosiologi kunne då ikkje skade. Men kor var alle dei kule folka? 

– Det sosiale på Blindern var dritdårleg. Eg var ivrig under fadderveka, eg, veit ikkje kva dei andre dreiv på med, men eg drakk i alle fall kraftig. Vi hadde ikkje dei største festfadderane, dei gav eit døllt inntrykk. Etter at fadderveka var over vart dei fleste borte for meg. Eg fekk ein haug vage kjenningar som eg helste på i gangen, men det vart med det. Det er så mange folk, det blir så upersonleg. 
«Walk of shames» gjennom kantina, med dirrande matbrett, klamme hender og slørte blikk. Vi har alle vore der, og det hjelp ikkje på motivasjonen til å setje seg ned og trøkke igjennom pensum. Vi lever for pausane, gjerne så lange og mange som mogleg. 

– Eg har vore igjennom eit år på Universitetet med berre D’ar. Eg sat vel på rommet tida ei til to veker og bladde i bøkene, men alt anna var meir interessant å drive med. Eg syntest det var vanskeleg å setje av tid til å vere på Universitetet til eigenlesing. No har eg prøvd, og det passa ikkje for meg. 

Radio Nova redda året
Keisamheit avlar kreativitet, og for dei med kriblande armar og bein, blir akademia ei stille oppfordring til å skape noko, til å gjere noko. 

– Det som redda året, var Radio Nova. Eg ville ha valt bort sosiologi for Nova når det skulle vere. Der følte eg meg som ei brikke i spelet, som ein del av noko. Det beste med å gå på sosiologi, var at det opna for ting eg har hatt lyst til å prøve. Då eg ikkje klarte å ha fokus på studia, enda det opp med at eg søkte etter andre ting å gjere, andre plassar å vere. 

Det vere seg Stand-up-kveldar på Josefines Vertshus, Radio Nova, eller hovudinteressa: film. Wøhlner byrjar på Westerdals på Film og TV denne hausten for å leike med likemennene sine. 

– Det må ikkje vere så strenge faglege rammer, så A4. Lesing og førelesingar er ikkje for alle. Det må vere rom for kreativitet, for å skape. Òg gleder eg meg til å få ei klasse. Eg treng eit tidspunkt eg må stille opp, eit stad eg må vere, for eg eig ikkje sjølvdisiplin. 

Ein stor og ukjend by, eit fag du innleiingsvis ikkje forstår dritten av, betrevitarar og laukhovud. Det er mykje å svelgje på éin gong. Om festen sluttar halvveges i vorspielet, du vil heim og alle andre har det så utruleg flott, er det garantert eit par tusen til som kjenner det nett som deg.

Dei er berre flinkare til å skjule det. Så ta ein tur til ein stad du aldri har vore, gå på det infomøtet du vegrar deg for å stille opp på, byt fag om du må, men gje byen vår ein sjanse før du pakkar saman og dreg. 

Les saka i Universitas!