– Partikontor betre enn Facebook

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei er det første politiske partiet i Oppland med eige partikontor.

– Me held ope kvar tysdag, fortel Tor Valdvik (24). Den tverrpolitiske bygdelista dobla talet på representantar frå to til fire i kommunestyret ved siste lokalval, og Tor er yngst av desse.

– Skal ein utvikla ein best mogleg politikk, er det viktig å ha kontakt med folk, seier han, og oppmodar andre lokalparti rundt i Noreg om å gjera det same.

– Men er det ikkje lettare å nå folk på Facebook og andre sosiale media?

– Ein får betre kontakt når ein møtest andlet til andlet. Eg trur dei gode ideane kjem over ein kopp kaffi. Og så er det jo mykje trivelegare å treffast, seier Tor Valdvik.

LES OGSÅ: Fjell framfor fleirbrukshall

Vil ikkje bli ordførar – enno
Lokalet leiger dei for 500 kroner i månaden.

Målet til partiet no er å få Svein Blankenborg som ordførar om tre år.

– Kunne du ikkje sjølv tenkt deg å bli ordførar?

– Eg meiner det er viktig å ha litt livserfaring òg, før ein blir ordførar. Svein er 60 år, svarar Tor Valdvik, men vedgår at han godt kunne tenkja seg å bli ordførar seinare ein gong.

Til hausten er han halvvegs til 50.

LES OGSÅ: Ungdom: Lokalpolitikarar veit lite om oss

Har blitt meir glad i Vågå
– Me er blitt ein venegjeng, og jobbar så det susar. Me brenn verkeleg for Vågå, seier Tor Valdvik om partivenene sine. Målet er å få fleire til kommunen, og at kommunen konsentrerer seg om basisoppgåvene sine som skule, helse og omsorg.

– Eg har blitt mykje meir glad i Vågå etter at eg byrja med politikk, seier han til Framtida.

Han meiner politikken er ein fin arena til å bli kjent med folk.

– Me har det triveleg saman. Nokre saftige debattar har me, men så er me vener igjen, seier Tor Valdvik.

Han meiner ein periode i kommunestyre er å samanlikna med eit fireårsstudium i psykologi.

– Du veks verkeleg som menneske av å vera med i politikken.

Sjølv har han vore med på å starta eit lokallag av Høgre, men han er førebels usikker på om han vil stilla med ei Høgre-liste i lokalvalet om tre år.

– No er det som sommaren du aldri gløymer.

LES OGSÅ: Kardemommekommunen

– For få unge er med
24-åringen meiner det er altfor få unge med i politikken.

– Me som er unge er ofte meir kreative, og i kombinasjon med eldre med meir erfaring kan det verkeleg bli bra, seier han.

Om det er å vera med på å styra ein kommune i kommunestyret seier han dette:

– Det er noko anna når ein verkeleg er med på å styra enn når ein sit i baksetet og berre betalar rekninga.

LES OGSÅ: Gubbevelde styrer kommunane