Ikkje lettbrus til sjuke barn

Sukkerfrie drikkar er ikkje det rette for barn med feber og diaré. Dei treng kaloriane dersom dei ikkje klarer å ta til seg fast næring. 

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På nettsida til Tidsskrift for Den norske legeforening fortel dei ei historia om ein fire år gammal gut som vart innlagt på sjukhus etter å ha vore sjuk i fire dagar. Han hadde berre fått vatn og Cola Light og dermed ingen kaloriar. Då han fekk væske og tilskot av glukose, normaliserte tilstanden hans seg.

 
Barn og spedbarn med feber og diaré treng kalorihaldig drikke, skriv tidsskriftet. Dei er meir utsett enn større barn og vaksne, men desse gruppene skal heller ikkje skal gløyme at dei treng næring. Friskt, norsk vatn tilsett ein kalori eller to blir tilrådd. (©NPK)