Vil lage multinorsk teater

Det summar av liv i Bikuben på Det Norske Teatret. I dag starta fire nye skodespekarspirer på ny multinorsk teaterutdanning.

Kristina Leganger Iversen
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Då Det Norske Teateret ønskte større mangfald blandt norske skodespelarar starta dei like godt si eiga skodespelararutdanning.

I dag vart første studiedag på Det Multinorske feira med brask og bram i Bikuben, med dei fire studentane, deira familie og venar, skodespelarane frå Det Norske Teatret og Anniken Huitfeldt til stades.  

Men kvifor eigentleg ha ei eiga utdanning for skodespelarar med multibakgrunn?

LES OGSÅ: Festkveld for Det Norske Teatret

Kvifor så einsarta?
Trass i at globalisering og manfald pregar større og større delar av det norske samfunnet, kunst og kulturverda vore overraskande einsfarga og einsarta.

Dette stadfestar både rapporten og strategidokumentet frå «Ressursgruppe for mer mangfold», Stortingsmeldinga «Kultur, inkludering og deltaking» og studia "Et skritt tilbake?" frå IRIS (International Research Institute of Stavanger), som alle blei publisert hausten 2011.

Dei er alle samde om at folk med innvandrarbakgrunn er underrepresentert, både som konsumentar og produsentar av kunst og kultur. Ikkje minst gjeld dette barn og ungdom. I rapporten «Mangfold i kunst og kultur» peiker forfattarane på at kunst- og kulturinstutisjonar burde ta større ansvar for å rekruttere inn fleire folk med multinorsk bakgrunn.

LES OGSÅ: – Eitt minutt på å få dei på ditt lag

Teater folk dei som kom utanfrå
Nett dette hadde Det Norske Teatret tenkt eit par år tidlegare, då dei fekk ideen om å starte ei eiga skodespelarutdanning for “multinorske”: Nordmenn med familiebakgrunn for ikkje-vestlege land. Med på laget fekk dei Høgskolen i Nord-Trøndelag. 

At det var nett Det Norske Teateret som starta denne utdanninga tykte dei var heilt naturleg:

– Det Norske Teateret har alltid vore eit teater for dei som kom utanfrå og snakka rart, sa teatersjef Erik Ulfsby til i velkomsttalen til dei nye studentane.

I vår starta dei med opptaksprøvar og 53 særs engasjerte studentar søkte seg til utdanninga, og alle utanom to møtte opp på opptaksprøvar. Etter fleire runder med alt frå intervju til prøver i improvisasjon sat juryen igjen med fire kandidatar, og det er desse fire som altså hadde sin første studiedag idag.

LES OGSÅ: Gjennom metamorfosen

Første skuledag med brask og bram.
Når utdanninga er like ny som studentane blir ikkje første studiedag heilt som for alle andre studentar: Både kulturminister Annikken Huitfeldt, familie, vener, pressa og folk frå Det Norske Teatret er møtt opp for å feire studentane og det nye studiet.

Dei fire ferske studentane Kadir Talabani, Thomas Bipin Olsen, Judy Nyambura Karanja og Sara Khorami har det til felles at dei er brennande oppteken av teater, og at dei ikkje har ein ikkje heilt A4 familiebakgrunn.

Dei har anar til Asia, Afrika eller Midtausten, og elles svært forskjellege livshistorier: Ein er oppvaksen på barneheim i India, ein var åleine på flukt i Irak frå han var tretten, ei kom til Noreg frå Kenya som politisk flyktning og ei har vakse opp i Bærum.

Ein stor dag for kultur-Noreg
Judy og Kadir er to av dei fire studentane som spant trappa opp på første studiedag i Bikuben. Dei er stolte og glad begge to. Både personleg, men òg av studiet sitt. For at “Det Multinorske” er viktig for den norske teaterverda er dei klare på.

Det er ein stor dag?
– Ja! Utbryt dei begge. Historisk, legg Kadir kjapt til.

Men kanskje òg ein stor dag for dei, meir personleg?
– For meg personleg føler eg at det ikkje er ein stor dag for meg som person, for meg Kadir, det er ikkje berre eg som har fått ein mulegheit, men det er ein stor situasjon, det er ein stor dag for heile det norske kulturlivet.

Judy nikker energisk:
– Eg er heilt enig! I’m hounored, eg er så takknemlig og beæra for å få representere denne gruppa, og å få vere ein rollemodell. Det tykkjer eg er kjempekult, eit kjempeansvar, og eg gler meg. Ein pleasure!
– Absolutt, seier Kadir.

Godt å satse på teater
Dei fortel at dei begge har jobba lenge med kunst og teater.
– Eg har vore av og på sidan eg var fem år gamal: Minken Fossheim og barneteater, og seinare skulerevy frå då eg gjekk på ungdomsskulen, der eg både var med å spele og skrive. Og så har eg jobba meg oppover derifrå, seier Judy.

– For meg har kunst faktisk vore ein utflukt. Frå tidleg alder har eg vore veldig interessert i både litteratur og poesi, og så seinare i musikk, som er veldig poetisk i seg sjølv. Spelt trommar i mange år. Der det i kvardagen har vore mykje eg måtte gjere for å overleve, har kunsten heile vegen vore noko eg måtte gjere for å vere meg sjølv. Til eg ein dag skjønte at eg måtte tørre å satse på det eg drøymde om, og det er dette.

Og Kadir er veldig nøgd med endeleg å ha satsa på teater
– Dette feels right, etter tre år på vidaregåande med mislykka linjeval etter kvarandre… Eg har lært at dette er meg, etter å ha prøvd masse som ikkje funka, så veit eg at dette er det eg skal drive med.

Fleirkulturell bakgrunn inn på teatera
De har jo veldig forskjelleg bakgrunn alle de studentane: Trur de at det er viktig å få fleire typar folk inn i teatermiljøet?

– Ja! Om alle skulle vere heilt like, som robotar, det hadde vore så grått! utbryt Judy.
– Det hadde vore veldig grått. Samstundes er jo dette eit veldig fargerikt teater allereie, mykje smakar og luktar og det er så viktig for at ting skal kunne utvikle seg. At ein er forskjellege, og kan lære av kvarandre! seier ho.

– Dette er jo veldig viktig no som vi lev i ei tid med globalisering av kultur. Med youtube, til dømes, så er jo kulturen frå heile verda berre eit tastetrykk unna. Og jo fortare ein skjønnar dette, frå eit kunstnarisk perspektiv, jo lettare er det å henge med. Og den kulturen som heng etter, den vil gjerne døy ut. Det ser ein jo mange stadar, at Hollywoodfilmar tek over den lokale industrien, reflekterer Kadir.

LES OGSÅ: Slik blir du skodespelar

For Judy er det viktig å understreke at globaliseringa av kulturen ikkje er noko nytt:
– Sånn har det jo vore heile vegen: Pocahontas, Aladdin, Løvenes konge…. Alle desse eventyra kjem jo frå forskjellege plassar, og har reist over heile verda. Og det gjorde jo Ibsen med! Han reiste jo både til Tyskland og Italia for å få impulsar frå heile Europa.

Stort med nynorsk og Det Norske Teatret
Men kva med Det Norske Teatret, kjente dei det godt frå før?
– Ja, seier Judy. Eg har jo drive med teater lenge, og har jo alltid visst at dette var eit av dei største teatra, seier ho.

Kadir er samd: Eit av dei største!
– Eg eg har sett på Det norske teatret med stor beundring, faktisk, frå dag éin. Ikkje fordi det er eit stort teater berre, men fordi dei nyttar nynorsk her, seier han.

Men nett kva er det som er så stort med eit nynorskteater?
– For meg sjølv så har eg tenkt at okey, først så må eg føle meg norsk, og så må eg kome på eit nivå der eg føler meg hundre prosent sikker på norsken min, og derifrå kan eg drøyme om å nå eit nivå der eg kan bruke nynorsk. Så når eg fekk høyre at det var ein open moglegheit …
– Det var ein lette! skyt Judy inn.
– Ja, det var veldig stort, for meg, å få sjansen til å gå heile vegen, avsluttar Kadir.

– Og så er det så deilig å kunne seie: eg studerer teaterfag og skodespel på Det Norske Teateret. Det er så DIGG å kunne seie det, smilar Judy.
– Eg føler at eg er nordmann no, avsluttar ho.