Festkveld for Det Norske Teatret

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ane Dahl Torp fekk prisen for beste kvinnelege hovudrolle for den strålande dobbeltrolla i «Det gode mennesket frå Sezuan» av Bertolt Brecht på Det Norske Teatret.

– Det ligg ei stor anerkjenning i denne prisen, seier Ane Dahl Torp.

Det var første gong ho var nominert til Heddaprisen, som blir delt ut kvart år for framifrå prestasjonar innan norsk scenekunst.

Mattis Herman Nyqvist fekk prisen for beste mannlege hovudrolle for innsats i «Misantropen» av Molière på Rogaland Teater. Den unge skodespelaren vart også nominert til prisen i 2010 for hovudrolla i «Sangen om den røde rubin» på Riksteatret.

Også regissør av «Misantropen», Sigrid Strøm Reibo, vart heidra med Hedda-pris søndag kveld.

Les òg: – Eitt minutt for å få dei på ditt lag

Nynorsksuksess
Prisane vart delt ut på ei festframsyning i Det Norske Teatret i helga, og det vart ein stor kveld for nynorskteatret. På heimebane fekk dei også prisen for årets framsyning – «Abrahams barn». Einmannsframsyninga med Svein Tindberg har vore spelt for fulle hus på Det Norske Teatret, der ho har vore sett av cirka 35.000 personar. Til hausten får folk landet rundt høve til å oppleve framsyninga om dei store verdsreligionane når Tindberg reiser ut på turné med Riksteatret. Kjetil Bang-Hansen har regien for suksessframsyninga.

– Eg smiler frå øyra til øyra. Eg er lykkeleg som eit lite barn, seier Svein Tindberg.

Han er stadig overraska over at folk vil komme å høyre han snakke i to og ein halv time om dei store verdsreligionane.

– Det er jo inga sjølvfølgje. Å få prisen for ei slik framsyning er fantastisk, seier Tindberg til NTB.

Det er første gong den rutinerte skodespelaren får ein Hedda-pris.

Det Norske Teatret hanka også inn prisen for beste kvinnelege og mannlege birolle. Desse to prisane gjekk til Gjertrud Jynge og Torbjørn Eriksen for rollene i «Sorgen kler Elektra».

Les òg: Mot heimesiger for Det Norske Teatret

Prisane vart delt ut på Det Norske Teatret søndag. Vinnarar:

*Beste kvinnelege hovudrolle: Ane Dahl Torp for rolla som Shen Te i «Det gode mennesket frå Sezuan», regi Philip Tiedemann, Det Norske Teatret

*Beste mannlege hovudrolle: Mattis Herman Nyquist for rolla som Alceste i «Misantropen», regi Sigrid Strøm Reibo, Rogaland Teater

*Beste kvinnelege birolle/medspelar: Gjertrud Jynge for rolla som Christine Mannon i «Sorga kler Elektra», regi Eirik Stubø, og for rolla som Maria Steuber i «Tida og rommet», regi Eirik Ulfsby, begge Det Norske Teatret

*Beste mannlege birolle/medspelar: Torbjørn Eriksen for rolla som Orin i «Sorga kler Elektra», regi Eirik Stubø, Det Norske Teatret

*Beste regi: Sigrid Strøm Reibo for regien av «Misantropen» av Jean-Baptiste Molière, Rogaland Teater, og for regien av «Black Rider», Hålogaland Teater

*Årets framsyning: «Abrahams Barn» , Det Norske Teatret.

*Beste barne- og ungdomsframsyning: «Veggen», Hordaland Teater

*Beste visuell design: Boya Bøckman for den visuelle designen til De utvalgtes «Kunsten å bli tam», Black Box Teater

*Særleg kunstnarisk innsats: Komilab-prosjektet ved Thorbjørn Harr, Mariann Hole og Jan Gunnar Røise

*Æresprisen: IdaLou Larsen. (©NPK)