Tidenes beste Målrock

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Omlag 5500 besøkjande totalt for helga er fasiten.

– Det er det beste året me har hatt. Alt har klaffa: veret, publikum og artistar, seier Arvid Fodnes, leiar i stiftinga Målrock.

Over forventning
Rekordpublikummet kom på trass av ein måtte konkurrera med både ein spyd- og ein handballfinale. Det gjorde kanskje sitt til at laurdagen ikkje tok heilt av før Raga Rockers var midtvegs ut i sin konsert.

Då Madcon entra scena var Meieriparken fylt til randen.

For Målrock-leiaren var nettopp Madcon-konserten høgdepunktet for året.

– Det er noko av det heftigaste eg har vore med på. Dei fekk opp stemningen frå første låt og hadde god kontakt med publikum, seier han.

Gode tal
Festivalen vil gå litt i pluss, men det er dei først og fremst dei friviljuge som verkeleg kan gleda seg. Idrettslaget hadde meir omsetnad berre på den eine fredagen enn dei hadde heile helga til saman i fjor.

Les saka i Sogn Avis!