Og du trudde BI var dyrt?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei dyraste universiteta er ikkje dei du trur. Ivy League-skulane i USA, dei gamle gigantuniversiteta i England eller teknologiutdanning i Sveits er ikkje innom pristoppen i verda.

Verdas dyraste
Alle verdas ti dyraste universitet ligg i USA, med fire av verdas dyraste universitet i New York. Men dyrast er ikkje alltid best, og verdas beste utdanningsinstitusjonar ligg eit godt stykke attom desse luksusuniversiteta.

Skal du studere ved Sarah Lawrence College i New York må du punge ut heile 315.000 kroner i året, ifølgje ei toppliste laga av therichest.org. Med sine 1300 studentar er det langt ifrå verdas største, men universitetet som vart grunnlagd i 1926 toppar lista over verdas dyraste institutt for høgare utdanning. Førsteplassen blir delt med det nesten to hundre år gamle hovudstadsuniversitetet George Washington University i Washington DC. Der betalar ikring 25.000 studentar omlag 315.000 kroner kvar kvart år, med innkvartering inkludert i prisen.

Neste på lista er endå eit New York-basert universitet. Eliteuniversitetet Vassar College i Poughkeepsie i staten New York var meint som eit universitet for kvinner, men opna for studenter av begge kjønn i 1969. No betalar både kvinnelege og mannlege studentar på lik line ein årleg sum på 293.000 kroner, noko som gjer at Vassar er verdas tredje dyraste universitet.

Les òg: Her er verdas største universitet

Europa ligg etter
Europas beste universitet er ikkje dårlegare akademisk, men rikare studentar enn i USA er vanskeleg å finne. I Frankrike ligg American University of Paris nær Eiffeltårnet. Ein tredel av studentane er amerikanarar, og ein pris på 194 000 kroner i året for å studere i Paris er det næraste Europa kjem verdstoppen. For britisk ungdom kostar det 83.000 kroner i året å studere ved verdas høgst ranka universitet, University of Cambridge.

I Noreg kostar det opptil 210.000 kroner per semester å utdanne seg til pilot ved Pilot Flyskole, å bli makeupartist kostar over 100.000 kroner i året. BI,Norges HelsehøyskoleBjørknes og Westerdals kostar alle mellom 60-90.000 kroner i året.

Les saka i Universitas!