– Folk må utsettast for ny musikk

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Må utsettast for ny musikk

 – Vi vil gje folk musikk dei ikkje har høyrt før, med å presentere musikk i totalt ulike sjangrar får vi samla heilt ulike publikummarar. Målet er å få fram meir musikk, fortel gjengen i Havresekken.

Ingen av banda er namngiven på førehand, men publikum får leietrådar som plaskebass og Looney Tunes. Så gjettar dei seg kanskje fram til ein artist dei elskar og får møte heilt ukjent musikk med det same.

Frå MC-klubb til Grand Hotell
Det vi gjer er nesten litt idiotisk, vi gjer det i alle fall vanskeleg for oss sjølve, med å arrangere konsert ein ny stad kvar gong.  Men vi har mange idear og det er mest positivt, fortel Morten Stoltz Vernegg.

Frå oppstarten for to år sidan har Havresekken skipa til konsertar på stadig nye stader – ein nedlagt togstasjon, ein MC-klubb og Maritimt Museum, er berre nokre døme.

I haust vert det tre havresekkar, den fyrste finn stad på Grand Hotell 18. august og er allereie utseld. 

LES OGSÅ: Nordstoga: – Popsongar er som slåttestev

Formidling
– Som alle andre gode idear oppstod Havresekken på ein brun pub. Vi ville gjere noko nytt på musikkscenen i Oslo og så skipa vi ei konsertforeining, fortel leiar Sigrun Tara Øverland.

I dag har ho Eivind Kaasin, Ragnhild Menes, Anders Narverud Moen, Morten Stoltz Vernegg, Asgaut Bakken, Jørn Erik Ahlsen og Knut Are Aastveit med seg i sekken. Dei har mangslunge bakgrunn innanfor mellom anna musikk, grafisk design og økonomi. Med eit felles ynskje om å formidle god musikk, gjer dei alt arbeidet på dugnad.

– Folk seier gjerne at dei ikkje likar jazz eller at dei ikkje høyrer på folkemusikk, men vi trur ikkje det stemmer og derfor må dei utsettast for meir ny musikk, seier Tuva Syvertsen.

Møteplass
Ein kveld med Havresekken byr gjerne på store kontrastar, frå pop til orgel på same konsert. Publikum har mellom anna fått oppleve barokk, hip-hop, rock og bluesgras. Dei har kunne nynne til tonar frå piano, hardingfele og sekkepipe.

– Noko av det artigaste er miksen av vidt forskjellige publikummarar, vi er ein arena der frognerfruer møter rockarar, seier Sigrun Tara Øverland. Ho set òg pris på at Havresekken har vorte ein møteplass for ulike artistar. 

– Vi er heldige som har fått eit godt rykte i musikkmiljøet, og eg trur artistane set pris på høvet til å få spele for eit heilt nytt publikum.

Havregryn
Med ein liten vri er booking og havresekken like logisk som bukken og havresekken, derfor var det namnet dei valde seg.

Og i havresekken er det sjølvsagt havregryn:

– Etter konserten fordelar publikum kvar si mengde havregryn, og så får artistane honorar etter grynmengde. Publikum er demokratiske og ofte er grynfordelinga ganske jamn, forklarar Ragnhild Menes.

Havresekken er også ei nomadisk konsertforeining. Tidligare i sumar hadde dei ein blåtur under Telemarkfestivalen, og  dei står bak den årlege festivalen Bøgrend Autofest i Vinje. 

Les meir om Bøgrend Autofest!

Havresekk i norsk kulturliv
– Vi føler at det har gått litt havresekk i norsk kulturliv i det siste, og det er mange som er interessert i konseptet vårt, seier havre-gjengen. Dei har opplevd aukande åtgaum i arrangørmiljøa, er glade for at folk set pris på det dei driv med, og meiner Noreg treng meir havresekk.

– Folk har gjerne sterke meiningar og generaliserar over musikk dei ikkje har høyrt før. Alle har godt av gode musikkopplevingar og det er viktig å utfordre sjangeromgrepet, derfor kjem vi til å halde fram,  avsluttar konsertforeininga.

SJÅ SISTE MUSIKKNYTT PÅ MUSIKKSIDENE VÅRE!

Ny stad. Havresekk på ein nedlagt stasjon.

Sjekk fleire bilete her!