Skrivefør Sundfør på Lydspor

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lydspor er eit samarbeidsprosjekt mellom Gyldendal Litteratur og tidsskriftet Vinduet.

Serien skal presentere kortare prosatekster og lengre essays med musikk som utgangspunkt, skrive av klare stemmer innan litteratur og musikk.

«Gyldendal og Vinduet ønskjer med dette å løfte fram det litterære musikkessayet, ein type tekst det ligg mykje potensial i – og å produsere frittståande tekster i kortformatet, meint for digital publisering», heiter det frå forlagshold.

Tekstene er skrivne på bestilling, og finst i første omgang som mikrobøker i lese-applikasjonen til Gyldendal, Kortlest.

Først ut er Susanne Sundfør med teksten «30.06.12– 28.07.12. Turnédagbok».

«At ho kan skrive og har noko å seie er allereie tydeleg i dei engelskspråklege tekstane hennar, men denne intime teksten ber også bod om eit stort skrivetalent som ikkje er redd for å vise personleg tvil», skriv forlaget i pressemeldinga. (©NPK)