Den norske sjømatnæringa gir ringverknader i andre næringar. Ein sjømattilsett gir opptil 1,3 nye jobbar i andre næringar.

NPK-NTB-Jan-Morten Bjørnbakk
NPK-NTB-Jan-Morten Bjørnbakk

Det viser ein analyse Sintef har gjort for Fiskeri- og kystdepartementet. Undersøkinga viser at både verdiskaping og sysselsetting auka klart frå 2008 til 2010.

Analysen deler landet i tre hovudregionar og ser på betydinga av norsk sjømatnæring gjennom verdiskaping, produksjonsverdi og årsverk basert på tal frå 2010.

Verdiskapinga blir målt i bidrag til bruttonasjonalprodukt. Totalt bidrog sjømatnæringa med ei verdiskaping på 46,5 milliardar kroner. Produksjonsverdien samlar opp verdiskapinga i kvart ledd. I 2010 representerte sjømatnæringa ein produksjonsverdi på 137 milliardar kroner.

Analysen viser også at sjømatnæringa gir grunnlag for 44.000 arbeidsplassar.

LES OGSÅ: Ein sjømatnasjon med skrekk for fisk

Nord-Noreg størst
– Dette er ikkje berre ein av dei viktigaste eksportnæringane i Noreg. Denne analysen viser at sjømatnæringa skaper verdiar og sysselsetting langs kysten og genererer ringverknader som er svært viktige for mange lokalsamfunn, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen

Den største verdiskapinga og sysselsettinga i sjømatnæringa finn vi i Nord-Noreg med 17.000 årsverk og ei verdiskaping på 16,8 milliardar kroner. Midt-Noreg er rangert som nummer to med ei verdiskaping på 16,8 milliardar kroner og 14.500 årsverk. På Vestlandet hadde næringa ei verdiskaping på 13,7 milliardar kroner og skapte totalt om lag 13.300 årsverk ifølgje analysen.

Potensial
– Sjømatnæringa er viktig, men vi har enno ikkje utnytta det fulle potensialet i havområda våre. Eg har stor tru på at vi vil sjå endå større ringverknader basert på nye produkt og nye blå industriar i åra framover, seier Berg-Hansen.

Sintef peikar på at leverandørindustrien til sjømatnæringa både er mangfaldig og samansett, men meiner ho har eit uforløyst potensial internasjonalt. Då trengst det nasjonale satsingar for å styrkje leverandørindustrien.

LES OGSÅ: Fiskeavfall skal mette Afrika

Ulik fordeling
Totalt skaper dei tre regionane omtrent like store ringverknader, men det er forskjellar på kor ekstraeffekten hamner. I Nord-Noreg er ringverknadene av næringa størst utanfor landsdelen, medan dei på Vestlandet er størst i eigen region. Her kjem 54 prosent av ringverknadene på Vestlandet, medan 31 prosent av dei nordnorske ringverknadene blir i landsdelen

Rapporten kartlegg også dei økonomiske verknadene kjerneverksemda fiske, oppdrett og foredling gir i andre næringar. I Nord-Noreg gir kvar krone skapt i sjømatnæringa grunnlag for at andre næringar skal tene 58 øre, men berre 17 øre går til andre næringar i landsdelen.

Den største økonomiske verknaden for andre finn du på Vestlandet, der kvar krone tent i sjømatnæringa gir grunnlag for ei inntening på 83 øre i andre næringar, og der 45 øre blir i landsdelen. (©NPK)

Les fleire artiklar om fisk og havbruk her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.38

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE