Høgres nestleiar Bent Høie vil rydde opp i reglane om utleige av delar av eigen bustad. Han vil fjerne alle krav som ikkje har med tryggleik å gjere, fortel Stavanger Aftenblad.

NPK-NTB
NPK-NTB

Venstres nestleiar Terje Breivik meiner også at regelverket er urimeleg komplisert og firkanta. Eit forslag frå Venstre fekk støtte frå ein samla opposisjon i Stortinget før sommaren, men regjeringspartia stemte det ned.

Høie seier at mange av minstekrava gjeld praktiske behov og kan avtalast direkte mellom utleiger og leigetakar. Dette gjeld krav som utvendig bod, parkeringsplass og støyisolering.

– Krava skaper vanskar på bustadmarknaden. Dei er så rigide at sjølv lokal godvilje frå kommunane ofte ikkje er nok, seier Høgres nestleiar.

Til hausten vil han reise saka på nytt i Stortinget og foreslå at alle krav som ikkje har med branntryggleik å gjere, blir fjerna. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.38

LES OGSÅ

ANNONSE