Framtidas mat

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den første vitskapelege artikkelen om lab-framstilt kjøt vart finansiert kring tusenårsskiftet av NASA for å sjå om det var noko astronautar kunne ete i verdsrommet, seier samfunnsvitaren Neil Stephens frå Cardiff University til BBC

Ti år etter har forskarar på feltet no funne ein meir effektiv og miljøvennleg måte å skaffe kjøt på.

Ein fersk studie frå Oxford University fann at å lage kjøt i eit laboratorium i staden for å slakte dyr ville redusere klimagassar og energi/vatnforbruk. Produksjonen krev òg berre ein brøkdel av beitemarka storfe krev, og kan bli tilpassa med "rett" fettinnhald og ekstra næringsstoff.

Likt vanleg kjøt
Professor Mark Post, som ledet det nederlandske teamet av forskere ved Maastricht University, seier at han ønskjer at laboratoriekjøttet skal sjå likt ut enn vanleg kjøt, men det kan potensielt sjå svært annleis ut.

Stephens seier det er ivrige diskusjonar om korleis det skal sjå ut, og at idéen om eit slikt produkt er vanskeleg for folk å ta inn, sidan ingenting som dette eksisterer no.

Så får vi sjå da, om dette gjer noko skilnad for vegetarianarar…kan desse òg byrje å ete burger, kan hende?