Frå akademiet til a-klassa

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Då eg budde i Valdres ville eg helst lære meg breaking. Det liknar jo litt på lausdans, men det var då Bygda dansar-prosjektet Lea de kom hit at eg møtte folkedansen for første gong, seier Kolbjørnshus frå Øyebygda i Vestre Slidre.

Dette var i 2007, men alt året etter blei Kolbjørnshus, som hadde drive med turn i mange år, teken inn i varmen til dansekompaniet Frikar. Gjennom ein audition fekk han og fem andre plass ved det nyoppstarta Frikar-akademiet, drive av sjefs-frikaren Hallgrim Hansegård med samlingar ei helg i månaden.

– At eg hadde vore aktiv i Vestre Slidre turn, hjelpte meg veldig i Frikar, fortel Kolbjørnshus og legg til at fleire andre på akademiet og i Frikar var betre enn han til å danse, men at han hadde styrken sin i akrobatikken.

Før det hadde gått under eit år, fekk Kolbjørnshus prøve seg som kompanidansar i fleire mindre produksjonar, og som vikar i showet til Alexander Rybak.

– Eg har hatt litt flaks opp igjennom. Grunnen til at eg fekk danse med Rybak, var at eg var ein av to i kompaniet som kunne ta flikkflakk, som var ein del av koreografien, fortel Kolbjørnshus.

LES OGSÅ: Dans for reint vatn

Munkedans
I vinter var Kolbjørnshus ein månad i Kina saman med tre andre frå Frikar. Der blei framsyninga «8» til saman med nokre kinesiske kong-fu-munkar. Kinesarane kom til Noreg, der det blei meir øving og ikkje minst ei urframføring under Festspela i Bergen.

Som det går fram av all tida Ådne Kolbjørnshus brukar på dans, kan han altså leve av dette i ein alder av 21 år.

– Det er ikkje så veldig godt betalt, så eg lyt vere bevisst og disiplinert med pengebruken. Eg vil ha ein jobb eg kan leve i, det er ikkje pengar som gjev meg lykke. Men for at eg skal tillate meg sjølv å halde fram med dette, vil eg at det eg gjer ikkje skal vere unyttig.

For utanom det siste prosjektet, meiner Kolbjørnshus han har vore med på litt for mykje av det han kallar jøgling i framsyningar og show der det berre har dreidd seg om å vise kva ein kan utan at det ligg ein tanke bak. Snart vil han lage sine eigne produksjonar som han håpar kan bety noko meir for folk, og som kan gjere ein forskjell.

– Eg har lyst til å inspire folk til å følgje draumane sine og få dei til å reflektere meir over liva sine. Eg er òg oppteken av klima og miljø, og den interessa har eg lyst til å kombinere med dansen.

– Korleis tenkjer du at du kan gjere det?

– Eg trur eg må bevege meg over mot teater og kortfilm og ikkje satse på berre rein dans.

LES OGSÅ: Rudolf Steiners metode

A-klassing
I sommar dansa Kolbjørnshus seg opp i a-klassa i lausdans under Landskappleiken på Otta.

– Det var godt å klare det. Eg har hatt lyst til å kome opp i a-klassa fortast mogleg, seier han.

I fjor vår og sommar arbeidde Kolbjørnshus mykje på Vestanå Teater i Sverige, og då blei det ingen tur til Landskappleiken. Difor var det ekstra godt å få vere med i år, fortel han.

A-klassa er eliteklassa i kappleikssystemet. For å kome seg dit må ein ha fylt atten år og ha kome over ein magisk poengsum i b-klassa på landskappleiken to gonger.

– Neste år blir det lettare å sleppe seg meir laus. Då ventar ikkje eg eller nokon andre at eg skal vinne, seier han.

Men om ingen ventar siger av han i a-klassa enno, så det likevel å vinne han gjorde under kappleiken på Jørn Hilme-stemnet på Fagernes. Sjølv om det berre var tre deltakarar med, slo han ein rutinert lausdansar som Martin Myhr, som òg er delaktig i fleire av Frikar-produksjonane. I tillegg gjekk Kolbjørnshus sigrande ut av Gokartevlinga under stemnet, ein mindre formell konkurranse, der det er om å gjere å vise publikum og dommarar halsbrekkande stunt forankra tradisjonsdansen. Kolbjørnshus gjekk blant anna på hendene og hoppa ned frå scenekanten, for så å lande på hendene igjen.

– Det gjekk berre akkurat. Det er ei god kjensle å få til ein ting som du på førehand ikkje er sikker på at du kan klare, seier han.

LES OGSÅ: På eigne bein

Lausdansinspirasjon
Etter at Kolbjørnshus har trent ein del breaking det siste året og ikkje så mykje lausdans anna enn før Frikar-show, har våren og sommaren fått han til å ville det annleis i tida som kjem.

– Sjølv om eg er a-klassing no, føler eg ikkje at eg er på nivå med dei beste. På Hilme-stemnet til dømes, hadde ikkje Martin sin beste dag, medan eg følte eg ikkje kunne gjort det betre. Eg har framleis mykje å lære, men no har eg fått mykje inspirasjon til å trene meir lausdans framover, seier Kolbjørnshus. (©NPK)