Løgn påverkar helsa

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Ifølgje Forskning.no har psykologiprofessor Anita E. Kelly lagt fram resultata av ein studie på kongressen til American Psychological Association. Ho viser at ein bevisst kan redusere talet på løgner, og at ein ved å gjere det får betre helse. Dei nære sosiale relasjonane blir også betre.
 
110 personar var med i studien og halvparten av dei vart instruert om å slutte å lyge. Resultata viser at dei faktisk avstod frå løgner, og dei fortalde at dei vart mindre stressa og nedstemte. Dei melde også om færre fysiske plager, som for eksempel hovudverk og sår hals. Mønsteret var det same både for kvite løgner og større løgner. (©NPK)