Finn ikkje plommer

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

– Vanlegvis leverer eg omkring tre tonn med plommer. I år reknar eg ikkje med å levera noko, seier fruktbonden mens han leitar gjennom eit av dei plommefattige trea i den store frukthagen på Pundsnes på Hjelmeland. 

Den dårlege avlinga gir ein del tusen kroner i reint tap for fruktbonden, sjølv om han ikkje har rekna nøyaktig på kor mykje det blir. 

Det var særs dårleg vêr under blomstringa. – Temperaturane låg gjerne mellom fire og åtte grader, av og til ned mot null. Det er rett og slett for lite, meiner Pundsnes. Det ser me resultata av no. I hagen til Pundsnes er det omtrent ikkje ei einaste plomme å få auge på. 

Fruktbonden kan fortelja at det er gamle som har drive på i 50 år som meiner at plommehausten aldri har vore så galen som i år. 

– Betyr dette at det ikkje vil bli plommer å kjøpa langs vegen denne hausten? 
– Det vil nok bli noko langs vegen, men det vil bli lite plommer frå Ryfylke i butikkane, forklarer Pundsnes. 

Som leiar i Rogaland fruktdyrkarlag har han god kontroll på korleis hausten er for sine kollegaer i Ryfylke. 

– Det er jo omtrent ikkje plommer å finna, seier Pundsnes. Likevel deppar han ikkje av den grunn. Han har forskjellige frukttypar, der avlingane er betre enn plomma.

Les saka i Strandbuen