10 råd for å overleve på festival

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Med mangslunge festivalerfaring veit Anna Kleiva og Ida Roland Birkvad korleis ein skal overleve ein festival. Me møtte dei i festivalcampen på Bøgrend Autofest, der dei hadde fått hjelpt av grannane til å setje opp teltet.

– Det er ei god kjensle å vera på festival med knekkebrød i teltet og ullundertøy i soveposen, seier Ida, før ho og Anna gjev 10 overlevelsesråd til Framtida sine lesarar.

1.Ta med snacks

– Mat og snacks i teltet er heilt naudsynt for å takle dei mange blodsukkertapa ein får gjennom ein festival. Økonomisk er det også.

2. Sjekk namnet på soveposen

– Ein sovepose med namn Oslo er alt for kaldt og heilt feil for festivalliv i utkantstrøk. Eit betre val, vil vera ein sovepose med namn Finnmark.

3. Bu i campen

– Sjølv om det finst eit hotell eller så i nærleiken, er det i campen det er best å bu. Der finn ein bra folk og riktig så god stemning.

4. Hald kjeft på konsert

– Vil du skravle kan du finne deg ein annan stad. Når det er så mykje skravling at ein vert flau med tanke på artisten, vert det ei negativ konsertoppleving.

5. Gummistøvlar

– Det er viktig å kunne gå kvar som helst, så gummistøvlar er heilt naudsynt for å overleve på festival.

6. Vert kompis med dei som jobbar

– Ein bør vera ekstraordinært god på fyrsteinntrykk, når ein er på festival. Slik kan ein verte kompis med dei som jobbar, og det er kjempelurt. Spesielt på små festivalar er det viktig, for kanskje får ein skyss til butikken?

7. Farris

– Dagen der på fungerar vatn med kullsyre betre enn vanleg vatn. Så det er viktig å hugse å ta med nok Farris på festival.

8. Sørg for nokon med fele i nærleiken

– Utan fele er det ingen komplett dag på festival. Har du ikkje fele sjølv – ta med ein kompis som har, eller sett opp teltet ved sidan av nokon som spelar.

9. Caps

– Du kjem til å få feitt hår og mest sannsynleg ser du kul ut med caps på hovudet. Caps er rett og slett dei nye solbrillene, for dagar ein ikkje ser heilt bra ut.

10. Sjekk ut program og heilskap

– Eg er mest oppteken av at det er noko artig musikk, så eg reiste hit til Bøgrend Autofest for å oppleve Blåmann Blåmann og til Roskilde nokre år tilbake for å sjå Björk seier Anna Kleiva.

– For meg var konseptet avgjerande, å finne ein festival med røter og som ikkje berre finn stad ute på eit jorde, seier Sigrid Roland Birkvad.

Men begge meiner både musikk og heilskap er viktig når ein skal velje festival. I tillegg meiner dei ein bør sjekke ut om festivalen har eit lokalt særpreg, ein god miks av publikumarar og om den ligg på ein vakker stad i Noreg, når ein skal finne draumefestivalen.