Lever draumen som pilot

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Florida, 2008: 20 år gamle Eirik Aadland frå Stord køyrer med taket nede på Chrysler cabrioleten sin. Himmelen er blå, og musikken dundrar ut frå anlegget. Han har ein god flytur i kroppen – så god at han har gjort seg fortent til ein ekstra bar på skuldra. Pilotdraumen er i ferd med å gå i oppfylling.

Flytimane tok han ved Ari Ben Aviator.

– Eg trur Ari Ben er namnet på sonen til eigaren, smiler Aadland, som ikkje fortalde medstudentane om den norske Ari Behn.

LES OGSÅ: Byrjar med best løn

Fascinert
Etter ein sydentur som 12-åring vart Eirik Aadland fascinert over at metallboksane kunne fly. Her byrja det, og sidan har interessa vakse. Han las om fly og fekk seg flysimulator med joystick til datamaskinen på guterommet.

Skjærtorsdag 2004 fekk stordguten påverka eit småfly som hadde teke av frå Sørstokken for første gongen, det var ein merkedag.

Ris og cola
Tre år seinare er han altså i USA. Han har spart seg opp ein startkapital og må låna resten av dei rundt 550.000 kronene det kostar å ta flytimar eit heilt år. Etterpå jobbar han som instruktør på skulen i eitt år før økonomien går nedover.

– Eg las at eit asiatisk selskap hadde kjøpt mange fly, då tenkte eg at dei trong pilotar òg, seier Aadland, som sendte av garde ein søknad og fekk koma på intervju.

LES OGSÅ: Halvparten angrar på utdanninga

Små flyplassar
Kort tid seinare flyr han folk, ris og Coca-Cola rundt i Indonesia, til minimale flystriper, der det kan dukka opp både grisar, folk og mopedistar.
På spørsmål om han nokon gong har vore redd om bord i fly, dreg han fram ein slik episode:

– Han eg hadde opplæring med måtte fly i trygg høgd over ein mopedist som var i vegen på ei lita landingsstripe, fortel Aadland.

Overvekt
Stordabuen måtte tilbake til USA for å læra å fyka Boeing 737, slik at han kunne arbeida som andrepilot for det kommersielle flyselskapet Air Asia. I dag flyr han Airbus 320 og har heimebase i Bandung i Indonesia.

– I bagasjen ned har eg 25 kilo med skulebøker, slik at eg kan studera til å verta sertifisert pilot i Europa òg.

LES MEIR OM YRKESVAL HER!

Snartur på heimebane
Aadland er ein svipptur heime på Stord, før pliktene kallar. Ei knapp veke får han saman med familie, grovbrød og mjølk før han dreg nedover att.

– Det er veldig kjekt å sjå på skyene og sola som går opp og ned, seier Aadland.

Han veit ikkje heilt kor lenge han vert i Indonesia og kvar vegen går vidare. Lufta ligg open, men han vonar å få fly i europeisk luftrom etter kvart.

LES SAKA I SUNNHORDLAND!

– Det skal kallast flight deck no – ikkje cockpit, seier Eirik Aadland. Stordabuen er andrepilot på ein Airbus 320. Arbeidsgjevaren er Air Asia og 25-åringen flyr i luftrommet over Indonesia. FOTO: PRIVAT

Slik ser arbeidsplassen til Eirik Aadland ut. Ein Airbus 320.