In å vera ute

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Maria (16) går Noreg på tvers

Maria Grøntjernet skal bruke femti dagar på krysse Noreg på tvers. Ho hadde nokre strabasiøse dagar over Dovrefjell. Les berre kva ho skreiv i bloggen sin:

”Det kriblet i magen da jeg krysset ferske spor etter moskus. Jeg var lenge nervøs for at de store beistene plutselig skulle dukke opp rett foran meg, men jeg bekymret meg unødvendig. Elver og bekker derimot, var det mer enn nok av. På grunn den sene snøsmeltinga var det flere av dem som ikke var pene å krysse”.

– Det har vore meir utfordrande å vere på tur enn eg trudde det skulle verte, men eg angrar ikkje, seier 16-åringen. No har ho ti dagar igjen før ho når målet.

TV2 sendte tidlegare i år dokumentaren Villmarksjenta om Maria.

LES OGSÅ: Her er søndagstur mest populært

Auka med 150 prosent
Stadig fleire unge vert interessert i friluftsliv, skal vi tru medlemsutviklinga til Den norske turistforeininga (DNT). Talet på medlemmar i aldersgruppa 13 til 26 år har auka med nær 150 prosent frå 2002 til 2011, og er no oppe i 29 502.    

For denne aldersgruppa eksisterer DNT ung.

– Alt av aktivitetar er lov i DNT ung og akkurat det trur eg trekker mange. Dei færraste av ungdomane er klassiske ”fjelltravarar”, men dei er altetande både vinter og sommar, seier Hallgrim Rogn, redaktør for DNT ung sitt medlemsmagasin UT.

Han trur mange ynskjer å vere ein del av eit større friluftslivmiljø. Samstundes peiker han på at eit medlemskap gir fordelar som rabattar på turar og overnatting på hytter.

– Ein skal heller ikkje kimse av at friluftsliv i alle variantar og formar har fått ein stadig større plass i media dei siste åra. Uvisst om det er interessa hjå folk som kom fyrst eller om omtalane har skapt meir interesse, seier Rogn.

 

Les også om Christian Vedeler (16) som går Noreg på langs!

Det sosiale er viktig
Kjenneteiknet på dei unge medlemmane er at dei er svært allsidige, men det finst likevel nokre trendar. Det sosiale og ”kosen” er viktig for mange i denne aldersgruppa, fortel Rogn. Å klatre til topps på fjella og vere ”heilt galen” er ikkje så viktig.

– Møteplassar på fjellet som Fjellfilmfestivalen, Vinjerock, Basecampar og Highkamp syner at å vere sosial er viktig. Elles kan vi sjå at trenden med toppturar på ski har fått mange ungdommar ut frå alpinanlegga over til friluftsliv dei siste åra, seier Rogn.

Han trekkjer fram nettportalen ut.no som viktig for å nå ut med turinformasjon til ungdom og unge vaksne. Nettstaden er eit samarbeid mellom NRK og DNT. I 2011 hadde nettstaden ti millionar sidevisningar. For å halde friluftsinteressa oppe blant dei unge, trur Rogn det vil verte viktig å satse allsidig.

– Eg har ikkje tru på at dei som er unge i dag vil byrje med eit såkalla tradisjonelt friluftsliv når dei passerar 30. Difor må vi halde fram med å tilby varierte turar og aktivitetar òg til vaksne, seier Rogn.

Les meir om Vinjerock!

Byrja då ho var 13
Heilt sidan Maria var 13 år har ho lagt ut på overnattingsturar i villmarka aleine. Turen i sommar ynskja ho å gå aleine for å teste seg sjølv. Ho har hatt følgje av familien innimellom.

– Utan hunden Vega ville eg ikkje klart turen, fortel ho. Men legg til at ho ikkje har kjeda seg sjølv om ikkje har hatt tobeinte turkameratar. Sjølv om ho trivst med å gå aleine, synst ho det er kjekt å vere med på fellesturar òg.

– Eg har vore med i DNT ung sidan eg var 14 år og har delteke på ulike turar.

Maria har følgjande råd til dei som førebels ikkje har dratt ut i skogen eller opp på fjellet:

– Det er berre å pakke sekken og dra. Ein treng ikkje dra så langt for å få naturopplevingar. Ta gjerne med deg nokon som du kan dele opplevingane med.

Lyst på turtips og sjå kor Maria er no? Sjekk ut bloggen hennar!

LES OGSÅ: – Eg bruker frykt for å fokusere