– Vinjerock blir ein fest

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bookingansvarleg Guro Midtsund avslører i kveld ti av artistane på sommarens Vinjerock.

– Eg er særs godt nøgd med det knippet artistar som er klare til no. Vinjerock 2014 blir ein fest, seier bookingansvarleg Guro Midtsund i ei pressemelding.

Vinjerockarane kan gle seg til å rocka med trønderbandet Johndoe, slite stemmebanda til Ida Maria, nyte stemninga i lyngen med Moddi og Monica Heldal og danse vilt til Datarock og Timbuktu.

Publikum bør vera kjappe på avtrekkaren – i fjor blei festivalpassa utseldt etter tre minutt. Festivalpassa til festivalen ved Eidsbugarden i Jotunheimen vert lagt ut for sal fredag 6. desember.

Desse ti er klare for Vinjerock 2014:

BILLIE VAN

Billie Van lagar popmusikk med røter i americana, country og rockabilly. Mange kjenner ho som kjærasten til Jonas Alaska, men denne jenta står seg godt på eigne føter. Ho er aktuell med den særs kritikarroste plata «1234 Radio Star».

COMET KID

Relativt ferske Comet Kid fekk jamvel ein pangstart då dei vart booka til kronprinsen sitt 40-årslag i sommar. Det er ikkje lett å setja dei fire Oslo-gutane i bås, men sjangermessig er dei innom roots, pop og folkrock med kjenslene på utsida.

Datarock kjem til Vinjerock. Pressefoto

DATAROCK

Bergensbandet Datarock vart stifta for 13 år sidan og har i løpet av åra gjort seg særs merka både nasjonalt og internasjonalt. Dei har samarbeida med verdsomspennande konsern som Apple, Coca Cola og Samsung, turnert i over 30 land. Sjølv skildrar dei seg som litt danserock, men blir omtala som alt i frå casiopop til electroclash, nu-rave, new wave, discopunk, punkfunk, postpunk, pop, rock og det mest gjennomgåande – indiedance.

DANIEL KVAMMEN

Låtskrivar og artist frå nabodalen Hallingdal – Daniel Kvammen – tek med seg kassegitaren, bandet og dialektprega låtar til fjells. Med eit bein planta i høgfjellet og eit på asfalten, og med inspirasjonskjelder som Neil Young, Bob Hund og Stein Torleif Bjella, gjev Daniel sitt skråblikk på verda med finurlige tekstar som vekslar mellom mørke og ljose historier.

IDA MARIA

Ida Maria byrjar å få litt av ei historie som artist, og heilt sidan ho slo i gjennom i 2006 har ho hatt ei karriere som er få norske artistar forunnt.  Låtane hennar har vore på lydsporet til fleire kjente seriar, mellom anna Grey´s Anatomy og Gossip Girl. Debutalbumet selte til gull og ho blei jamvel kåra til årets nykommar under Spellemannprisen i 2008. Ida Maria er snart aktuell med nytt materiale.

I´M FROM BARCELONA

Bandet som verkeleg beviser at ”less is not more”. Med eit tjuetals bandmedlemmar kan Vinjerockarane førebu seg på eit skikkeleg fyrverkeri på scena.  Bandet frå nabolandet Sverige serverar deg poppa gladindie.

JOHNDOE

Rockebandet frå Trondheim skapte furore tidleg på 2000-talet og har endeleg vakna til liv igjen. Comeback-singelen ”Lengsel (som aldri forsvinn)” har vore lista på P3 i fleirfaldige veker og konsertane dei har heldt denne hausten har vorte utselt på få minutt! Låtar som ”Et sunnhetstegn” og ”Pyromantikk” bør vere kjent for dei fleste som har eit hjarta for norsk rock, og etter fem år i stilla er Johndoe klare for fjellheimen i juli.

MODDI

Moddi (eller Pål Moddi Knutsen som han eigentleg heiter) har lenge vore ein vel bevart skatt i norsk musikkliv. I 2013 har Moddi sleppt to heile album. Fyrst kom ”Set the House on Fire” og i haust slapp han plata ”Kæm va du?”. Med ho mor sitt gamle trekkspel, ein russisk mandolin og ein sprukken kassegitar skapar Moddi og hjelparane hans rein musikkmagi.

MONICA HELDAL

Monica Heldal har rukke å markere seg kraftig både heime og ute lenge før debutalbumet ”Boy From The North” kom ut i november i år. Med fleire festival- og supportjobbar har forventingane vore store til den 22 år gamle bergensjenta, og ho lever opp til godsnakkinga før platesleppet. Heldal har det vesle ekstra som skil ho frå andre artistar innan same sjanger, og er du radiolyttar har du kanskje nynna med til singelen ”In Flight” den siste tida.

TIMBUKTU

Timbuktu (eller Jason Diakité som han eigentleg heiter) er ein kar som dei fleste har eit forhold til. Timbuktu har sidan den spede starta på karriera si vekst seg framt til å bli ein av dei som på førebiletleg vis har sett hiphop-kulturen inn i ein kontekst som gjer at rap på skånsk høyrest like snasent ut som om den skulle komme frå tjukkaste Bronx. Samtidig er han ikkje redd for å gå eigne vegar, og blandar gjerne sjangrar og stilartar.

Totalt står rundt 25 artistar på plakaten til festivalen som går av stabelen 17.- 20. juli 2014.