Eksplosiv sceneenergi

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Festivalsjef Eivind Kaasin meinte torsdagskvelden var den beste opningskvelden så langt i festivalens historie. Etter ein vakker og eksotisk start i det forfattaren Erlend Kaasa karakteriserte som det geometriske midtpunktet i Sør-Noreg, auka Katzenjammer turtalet til det maksimale.

Vinje-forfattaren Erlend Kaasa fekk det ærefulle oppdraget med å setje i gong festivalen. Frå scena fortalde han om sine oppfatningar og vurderingar om Bøgrend, som han meinte både var sentrum og utkant av den sørlege delen av landet.

Utkant og sentrum 
– Viss du plottar inn dei fire største norske byane i Sør-Noreg på kartet; Oslo, Kristiansand, Stavanger og Bergen på og reknar ut det geometriske midtpunktet, er svaret Bøgrend. Dette vil seie at grenda har ein svært sentral lokalisering. Ironisk nok er også Bøgrend staden der ein er lengst unna alle storbyane, og kan difor absolutt kallast utkant, sa Kaasa i opningstala og hausta stor latter frå ein smekkfull verkstadhall. 

– Skø me satse på litt musikk då, spurde ei av dei mange eldsjelene bak festivalen, Asgaut Bakken, og fekk berre entusiastiske svar.

Og med det var tidenes tredje autofest i gong. Bakken inviterte senegalesiske Solo Cissokho opp på scena, og der fekk festivalpublikummet stifte kjennskap med eit svært eksotisk instrument.

– Nå skal det bli littegranne god stemning, ropa han ut til dei frammøte og fortalde om strengeinstrumentet han hadde med seg.

– Det her er ein kora, og han har 21-strenger. I familien min blir du musikar uansett kva. Frå ein er sju til fjorten år lærer du å byggje han, og etter det må ein lære seg 150 forskjellige songar på han, fortalde han og viste til eit entusiastisk og interessert publikum korleis han hadde lært å spele kora av far sin.

Senegalesaren sette stemninga med sitt smittande humør og sin stemningsfulle tradisjonsrike musikk, og såg ut til å imponere tilskodarane stort.

Fire gravemaskinar 
Vidare venta ein heilt annan artist og sjanger, då Haugesunds-artisten Susanne Sundfør gav autofestdeltakarane ein melankolsk og skjør konsert, med berre seg sjølv og keyboardet. Med kjente songar som «Walls», «White Foxes og «The Brothel» viste ho kvifor ho blir rekna som ei av dei største artistane i landet.

Ei heilt anna stemning blei det då energibombene i Katzenjammer kom på scena. 

– Etter å ha hørt på dei flotte og sakrale konsertane før oss, føler me oss som fire gravemaskinar som jamnar alt med jorda, sa Solveig Heilo, ei av jentene i gruppa til eit publikum som ikkje såg ut til å ha noko mot dei fire «gravemaskinane». 

For når dei fire svært musikalske jentene som traktera alt frå banjo, balalaika og trekkspel på scena spelte opp, stod stemninga i taket på den nedlagde bensinstasjonen.

– Er de klare for å danse? ropa Marianne Sveen til det feststemte publikummet.

Og det var dei verkeleg. Dei fylgde oppfordringa og rista laus på både bein, brystparti og bakendar. 

Perfekt start 
Katzenjammer sette prikken over i-en på ein perfekt opningskveld som festivalsjef, Eivind Kaasin, ikkje kunne seie seg anna enn storfornøgd med.

– Aldri i verda hadde eg trudd at Katzenjammer skulle spele på Bøgrend autofest. Det er få norske liveband som er større i Europa enn det dei er. Men dei kicka på ideen og var veldige positive, noko eg er veldig glad for no, smiler Kaasin samstundes som dei energiske jentene er i ferd med å avslutte konserten. 

– Det her må vere den beste opningsdagen vår. Alt er utseld, og med det fyrverkeriet av ein konsert til slutt var det ein perfekt start, seier han og kikkar bort på ikkje mindre fornøgde festivaldeltakarar rundt seg.

Festivalsjefen er ikkje i tvil om at årets program er det beste dei har hatt til no, og synest dei har fått til den store breidda og variasjonen i programmet dei er så opptekne av.

– Me prøvar å putte inn meir ukjente artistar som ikkje folk har høyrt før mellom dei større artistane som til dømes Katzenjammer og Susanne Sundfør. Det er dei som lokkar folk, men me håpar i alle fall eit par oppdagar og blir interesserte i ein heilt ny artist eller eit band, seier årets nye festivalsjef. 

– Kven er det du har gledd deg mest til å presentere? 

– Mari Kvien Brunvoll er ein uoppdaga diamant som eg gleder meg veldig til å høyre. Ho er meir enn lovande, og ein svært flink jazzanger som Bugge Wesseltoft har rosa opp i skyene, seier Eivind Kaasin om Brunvoll, som er systera til den meir kjende songaren Ane Brun. 

Ho er klar for autofesten laurdag saman med mellom anna Odd Nordstoga både som soloartist og med gamlebandet Blåmann Blåmann. 

LES OGSÅ: Noregs mest eksklusive festival?

– Føler huldra går bak oss 
Jentene i Katzenjammer var ikkje i tvil om kva dei skulle svare då dei fekk spørsmålet om å opptre på autofesten. Dei angrar ikkje sjølv om dei føler at ein viss eventyrfigur fylgjer etter dei i Bøgrend.

Konserten på den nedlagde bensinstasjonen er berre ein av to konsertar dei populære jentene i Katzenjammer gjer i Noreg denne sommaren. Bandet har konsentrert seg mest om speling Europa den siste tida, der dei faktisk er endå større enn i heimlandet. 

Til Bøgrend kom dei rett frå Nord-Noreg der dei gjorde sommarens fyrste spelejobb for nordmenn. Etter at dei har sytt for feststemning i Bøgrend går turen vidare på ein tre vekers lang europaturné i Tyskland, Nederland og England, der dei spelar for om lag 10.000 nesten kvar kveld. Like mange er det ikkje plass til i dei gamle bensinstasjonslokala, men det synest jentene berre er endå artigare.

Meir direkte 
– Eg likar eigentleg best å spele konsertar som denne her, med eit par hundre tilskodarar, i staden for dei store konsertane me held i Europa. Ein får liksom ein annan kontakt med publikum når ein har dei så tett oppe i seg. Det blir meir direkte, og ein kan merke seg ut nokon i salen som ein ser korleis reagerer på det me gjer på scena, fortel ei av dei fire frontfigurane, Marianne Sveen, i bandet der alle gjer «alt».

Bandet som forutan Sveen består av Anne Marit Bergheim, Solveig Heilo og Turid Jørgensen skiftar stadig plassar og instrument på scenen, og i tillegg til at alle syng spelar dei instrument som trekkspel, trompet, balalaika og fløyte. Til saman spelar jentene frå Kragerø, Valdres og Bærum over fjorten instrument. 

SJÅ BILETSERIE FRÅ BØGREND AUTOFEST!

Glade i bygda 
Då gruppa fekk høyre om tilbodet om å spele på autofesten i Vinje, var dei ikkje i tvil om at dei måtte seie ja. 

– Heile opplegget høyrtes utruleg kult ut, derfor hadde me veldig lyst til å kome. Og så er me jo så glade i bygda, og visste at Vinje er ein av Noregs vakraste plassar. Det er berre så synd me ikkje rekk å nyte dei idylliske omgjevnadane meir, seier Sveen.

– Eg føler huldra har gått bak oss heilt sida me kom hit, smiler ho.

Men på ein bensinstasjon hadde aldri jentene spelt før.

– Me har spelt på veldig mange rare plassar altså, men aldri på ein nedlagd bensinstasjon, ler ho og fortel at akustikken i hallen er god.

– Det var veldig kult på lydprøva, så nå gler eg meg berre til å stå på scena. Me spelar så lite i Noreg, at det blir ekstra moro no som me fyrst gjer det, seier ho før ho tek turen til resten av bandet som førebur seg bak scena. 

LES SAKA I VTB.NO!