Halvorsen vil ha fleire studentbustader

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV) meiner utbygginga av studenthyblar går for sakte, og vil auke ambisjonen til 2.000 nye bustader i året.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil ha fleire studentbustader

Kristin Halvorsen foreslår at SV-landsmøtet til våren programfestar 2.000 nye studenthyblar i snitt kvart år, mot om lag 1.000 i dag. Ei slik reform vil koste om lag 500 millionar kroner i året. Kunnskapsministeren toppar dermed Norsk Studentorganisasjon, som har kravd 1.500 nye bustader i året, skriv Aftenposten.

Halvorsen avviser at forslaget er noko innrømming av at regjeringa har gjort ein svak innsats på dette området.

LES OGSÅ: Vanskeleg for studentar

– I 2005 fekk SV gjennomslag for å doble bygginga av studentbustader frå 500 til 1.000 i året i snitt. Dette har vi gjennomført. Men prispresset i storbyane tilseier at vi no må auke innsatsen, seier ho.

Kunnskapsministeren kan likevel ikkje love auka satsing i neste års statsbudsjett.

– Vi skal ha siste budsjettrunde i slutten av august, her kjempar alle statsrådane for hjertesakene sine. (©NPK)

LES OGSÅ: – Massiv overføring av pengar frå fattig til rik